Kvinnherad kommune Sektor samfunnsutvikling

Arenavert - Kulturarena – inntil 100% fast  

 Har du eit brennande hjarta for kultur og aktivitet? Er du uredd og ansvarsmedviten? Er du motivert for å skapa buglede i kommunen vår?  Vi treng positive og inkluderande sjeler til Kvinnherad Arena og Kulturhuset Husnes 

 

Til Kvinnherad kommune si avdeling «Kulturarena» søker vi etter deg som vil jobbe med kultur og aktivitet. Avdelinga har to lokasjonar som vert drifta saman; Kulturhuset Husnes og Kvinnherad Arena.   

Delar av kommunen sine kulturtenester er under omorganisering. Denne stillinga er ny og kjem som eit resultat av dette.  

 

Vi søker etter  medarbeidar(ar) inntil ei samla ramme på 100 % stillingsressurs. Det kan vera ei full stilling på 100%, eller to deltidsstillingar. Kommunen har heiltid som føretrekt løysing. Men nyttar også deltid etter vurdering av tilsette sine ønske og behov og naudsynt fleksibilitet i tenestene. Skriv difor i søknaden kva stillingsstorleik som er ønskjeleg og passar deg best, og i kva grad du er fleksibel om dette. 

 

Hovudsakleg vil denne stillinga ha arbeidsstad i Kvinnherad Arena, men også tidvis i Kulturhuset Husnes. Til kulturtenestene våre ligg også oppgåver som må gjerast på kveld og i helg, og det kan vere variasjonar etter årstider, ferietider og anna. 

 

 

Avdeling Kulturarena skal tilby: 

  • kroppsøvingslokale for skuleelevar og barnehagebarn i området  

  • arrangementsstader for, og samarbeid med, lag, foreiningar og næringsliv  

  • sosiale møteplassar og viktige brikker i barns oppvekstvilkår  

  • oasar for fysisk og kulturell utfalding for barn og vaksne  

  • arrangement, film og kino  

  • kulturelle storstover  

  • fasilitetar for breiddeidrett og toppidrett  

  • ressursar for kommunale tenester elles  

 

Du skal, saman med dei andre tilsette, omsetje måla til praktisk handling.  

 

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere: 

  • teknisk oppfølging, booking og utleige 

  • medansvar for planlegging, programmering og gjennomføring av tilboda  

  • halde god kontakt med brukarar, samarbeidspartnarar og fagmiljø  

  • vere godt vertskap og ein god medspelar   

  • bygge aktivitet som t.d. kultur- og idrettsarrangement, møte, konferansar mm. 

  • koordinere med andre kommunale tenester  

  • vere med å vidareutvikle aktivitetar, organisering og lokala 

  • vera arrangementsansvarleg og kontaktperson 

  • opplæring og oppfølging av kundar 

  • servering og sal 

Ønskte kvalifikasjonar: 

  • relevant fagkompetanse eller utdanning(arbeidserfaring og anna kunnskap kan vege opp for manglande utdanning) 

  • relevant arbeidserfaring (t.d. koordinering/vertskap/servering/arrangør/driftsoperatør) 

  • god kjennskap og erfaring frå kulturliv og idrettsrørsle  

  • kjennskap til aktivitetsbiletet i Kvinnherad Arena og Kulturhuset Husnes 

  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner, både norsk og engelsk, og skriv godt nynorsk  

  • førarkort klasse B og evt. truckførarprov 

Ønskte personlege eigenskapar: 

  • stort engasjement og sterk motivasjon  

  • ein iverksetjar og relasjonsbyggjar, diplomatisk og sterk på samarbeid  

  • trivst med å vera synleg og er entusiastisk og kontaktskapande  

  • kreativ, løysingsorientert og ansvarsfull  

  • fleksibel når det gjeld arbeidstid 

  • kunne jobbe sjølvstendig og ta ansvar der det trengs  

 

Vi tilbyr: 

  • ei sjølvstendig, spanande og utfordrande stilling  

  • varierte og interessante arbeidsoppgåver  

  • fleksibel arbeidstid  

  • løn etter kvalifikasjonar og avtale  

  • gode pensjons- og forsikringsordningar  

  • dekking av flytteutgifter etter nærare reglar.  

Arbeidsstaden er for tida Kvinnherad Arena, Husnes. Men også tidvis Kulturhuset Husnes. 

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §   

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

12.09.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Husnes

Kontaktpersonar:

Anders Daidalos Dahle

mob: +47 41661666

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: