Kvinnherad kommune Husnestunet

Sjukepleiar nattevakt 80%

Sjukepleiar nattevakt Halsnøy/Husnestunet

Er du sjukepleiar og trivst med å jobbe om natta? Vi ser etter deg som har hjarte for god omsorg og som ønskjer å bidra til å skape tryggleik for pasientane våre når natta senkar seg. Hos oss blir du ein del av eit sterkt og inkluderande fagmiljø, der samarbeid, utvikling og godt arbeidsmiljø står i fokus.

Kven er vi?

I Kvinnherad kommune er vi stolte av å gi innbyggjarane våre gode tenester, med omsorg og varme. Vi ligg midt i vakker vestlandsnatur med fjord, fjell og gode fritidsmoglegheiter rett utanfor døra. Her får du ein kvardag som kombinerer faglege utfordringar med ro og trivsel – både på jobb og i fritida.

 Omtale av stillinga:

  •  80 % fast stilling på natt. Arbeidsttad Husnes/Halsnøy

Vi ser etter deg som:

  • Har autorisasjon som sjukepleiar.
  • Er trygg og sjølvstendig i faget, men også ein god lagspelar.
  • Har evne til å sjå både detaljar og heilskap i pasientomsorga.
  • Har lyst til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø sjølv på travle netter.
  • Liker variasjon og kan handtere uforutsigbare situasjonar.
  • Ein arbeidskvardag der du får bruke kompetansen din.
  • Godt kollegafellesskap med fokus på fagleg utvikling.
  • Opplæring og støtte frå erfarne medarbeidarar.
  • Konkurransedyktige løns og pensjonsvilkår i KLP

Vi tilbyr deg:

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
  • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.

Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.

Vil du bli vår nye kollega? Send inn søknad

Vi gler oss til å høyre frå deg! ????

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Natt

Søknadsfrist:

22.09.2025

Kontaktpersonar:

Line Haugland

Stilling: Avdelingsleiar natt

mob: +47 47462946

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: