
Fagarbeidar/assistent 100 % fast
Fagarbeidar/assistent 100 % fast
Omtale av stillinga
Ynskjer du å vera ein del av eit spennande fagmiljø? Er du opptatt av gode opplevingar i samspel med barn?
Sunde barnehage har ledig 100% fast stilling som fagarbeidar/ assistent.
Sunde barnehage har 4 avdelingar med 72 plassar for barn i alderen 1-5 år.
Vi har eit fint uteområde, kort avstand til skule og landlege turmulighetar.
Barnehagen jobbar ut i frå den autoritative vaksenstilen som er eit grunnleggjande prinsipp i vera saman og utgjer ein viktig del av barnehagens pedagogiske plattform.
Våre fem kjerneverdiar:
· Vaksenstilen
· Tidleg innsats
· Kommunikasjon og samspel
· Handtering av utfordrande åtferd
· Implementering og organisasjonsutvikling
Arbeidsoppgåver
· Oppfølging og støtte av barn/grupper
· Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar
· Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar/opplegg i samråd med pedagog
· Aktivitetar utanfor arbeidsplassen, til dømes ekskursjonar og turar
· Personleg stell og tunge løft kan inngå i stillinga
Kvalifikasjonar
· Ynskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
· Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
· Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge
Personlege eigenskapar
· Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge
· Er lærevillig og utviklingsorientert
· Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing
· Er positiv, lojal og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
· Generell god helse
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
· Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
· Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
· Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
· Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
26.09.2025
Tiltreding:
01.10.2025
Arbeidsstad:
Sunde barnehage
Kontaktpersonar:
Ellinor Sandvik Gaasdal
mob: +47 48269831
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Hamrabrekko 14 5450 Sunde