
Bioingeniør Vikariat 100% Husnes Helsesenter
Bioingeniør - Vikariat
100% bioingeniør vikariat ved Husnes helsesenter
Husnes helsesenter søkjer bioingeniør i 100% stilling med tiltredelse 01.01.2026 og til 30.08.2026 med moglegheit for forlengelse til 12.09.27. Husnes legesenter har i dag 4 avtaleheimlar for privatpraktiserande lege, 4 fastlønna lege og 8 helsepersonell som betener ca. 5700 pasientar. Vi er opptatt av å møta heile pasienten. Vi søkjer deg som har ekte og oppriktig engasjement for menneske som er akutt sjuke, som er ansvarsbevisst og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Vi ønskjer oss engasjerte kollegaer som liker å jobba i eit hektisk miljø og som kan vera med å utvikla helsesenteret vidare.
Arbeidsoppgåver på helsesenteret:
I hovudsak skal bioingeniøren utføra dei faste pasientrettane oppgåver ved laboratoriet, og skal ha spesifikt ansvar for kvalitetsrutinar i laboratorieverksemda.
Det blir forventa at bioingeniør kan avhjelpa med andre type arbeidsoppgåver ved behov.
Kvalifikasjonar
- Har norsk autorisasjon som bioingeniør
- Autorisert sjukepleiar kan vurderast
- Me ynskjer personar som har erfaring frå tilsvarande arbeid, men nødvendig opplæring vil bli gitt. Det vil vera ein stor fordel om søkjar har erfaring i bruk av Info-Doc som journalsystem
- IKT- kunnskapar
- Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevne. Meistra norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Me ynsker kreative og engasjerte tilsette med eit positivt og inkluderande menneskesyn.
Personleg eigenskapar for stillinga som: sjølvstende og tryggleik i rolla som bioingeniør, men samtidig ha evne til å jobba i tverrfaglege team.
Søkjarar må vera førebudd på å stilla til intervju. Ta med originale dokument, attestar og identifikasjon ved intervju/frammøte.
Du må gi opp minimum to referansar (namn og kontaktinformasjon) i kompetanseregistreringa.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Utviklande og spennande stilling der få dagar er like
- Eit godt fagmiljø
- IA-avtale og bedriftshelsetenester
Tilsetjing
Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og avtaleverk. Lønn etter avtale i forhold til utdanning og praksis.
Politiattest må leverast i samsvar med helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Politiattest skal ikkje leggast ved søknad, men skaffast etter at tilbod blir gitt, jf. politiregisterforskrifta § 36-1 nummer 3.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
28.09.2025
Tiltreding:
01.01.2026
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal