
Er du den nye kollegaen vår? Brenn du for den gode barndommen?
Barnehagelærar 100% fast
Myrane barnehage er ein 4-avdelingsbarnehage som ligg ved skuleområdet på Husnes. Barnehagen ligg sentralt mellom Opsangervatnet, Kaldestadåsen og elles skogområdet rundt oss. Det gjev oss unike moglegheitar for turar og friluftsliv rett utafor dørene. Vi søkjer no etter deg som har barnet og den gode barndommen i fokus. Vi har frå snarast ledig fast 100% stilling som barnehagelærar.
Satsingsområdet er språk og inkludering, og ein vil arbeide tett på språk i kvardagssituasjonar, kombinert med eit spissa fokus på eit godt psykososialt barnehagemiljø og vaksenrolla (den autorative vaksne).
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for det pedagogiske arbeidet på avdelinga i nært samarbeid med pedagogisk leiar
- Arbeida målretta i samsvar med Lov om barnehager med forskrifter
- Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar
- Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar
- Inspirera, motivera og rettleia assistentar/fagarbeidarar
Kvalifikasjonar
Godkjent barnehagelærarutdanning (førskulelærarutdanning)
Personlege eigenskapar
- Du er ein god rollemodell og ein trygg og tydeleg vaksen
- Du er sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeida i team
- Du er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette
- Du er løysingsorientert, strukturert og fleksibel
- Du deltek aktivt ilag med borna, både inne og ute
- Du har høg relasjonskompetanse
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
24.10.2025
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Husnes
Kontaktpersonar:
Ann Irene Sæle
mob: +47 94845903
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Røsslandsvegen 4 5460 Husnes