
Myrane barnehage - assistent/fagarbeidar 100% vikariat
Myrane barnehage er ein 4-avdelingsbarnehage som ligg ved skuleområdet på Husnes. Barnehagen ligg sentralt mellom Opsangervatnet, Kaldestadåsen og elles skogområdet rundt oss. Det gjev oss unike moglegheitar for turar og friluftsliv rett utafor dørene. Vi søkjer no etter deg som har barnet og den gode barndommen i fokus. Vi har frå snarast ledig 100% vikariat i 1 år som assistent/fagarbeidar, med moglegheit for fast stilling.
Satsingsområdet er språk og inkludering, og ein vil arbeide tett på språk i kvardagssituasjonar, kombinert med eit spissa fokus på eit godt psykososialt barnehagemiljø og vaksenrolla (den autorative vaksne).
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og støtte av barn/grupper
- Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar
- Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar/opplegg i samråd med pedagog
- Aktivitetar utanfor arbeidsplassen, til dømes ekskursjonar og turar
- Personleg stell og tunge løft kan inngå i stillinga
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge
Personlege eigenskapar
- Du er ein god rollemodell og ein trygg og tydeleg vaksen
- Du er sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeida i team
- Du er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette
- Du er løysingsorientert, strukturert og fleksibel
- Du deltek aktivt ilag med borna, både inne og ute
- Du har høg relasjonskompetanse
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
24.10.2025
Arbeidsstad:
Husnes
Kontaktpersonar:
Ann Irene Sæle
mob: +47 94845903
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Røsslandsvegen 4 5460 Husnes