Kvinnherad kommune Aktivitet og rehabilitering

Vikariat inntil 100% som Serviceteknikar ved Hjelpemiddellageret

Serviceteknikar vikariat

Omtale av stillinga 

Kvinnherad kommune søkjer etter vikar til Hjelpemiddellageret ein av våre tilsette skal ut i permisjon. Det er ledig inntil 100 % stilling, men ei noko mindre stillingsprosent kan vere aktuelt om det er ynskje om det. Oppstart snarleg og varigheit til våren 2027 

Som serviceteknikar tek du del i hjelpemiddelformidling lokalt. Ein typisk arbeidsdag består vanlegvis i utkøyring og montering av hjelpemidlar, mindre reperasjonar, utpakking av innkomne varer, reinhald av innleverte hjelpemiddel og liknande. Likar du å vere i aktivitet, kome i kontakt med menneske og ha varierte arbeidsdagar passar dette godt for deg!  

For å nå fram i vår langstrakte kommune vert det ein god del timar i bil,  så trivst du med å køyre bil kan det vere ein fordel. Samtidig treng me deg med god fysisk helse då det er ein del bæring og flytting av hjelpemidlar inn og ut av bustader kringom i kommunen. Ei viss praktisk eller teknisk innsikt eller interesse er ein fordel  

Oppmøtestad er Dimmelsvik. 

 

Arbeidsoppgåver   

  • Utkøyring, montering og service/reperasjonar av hjelpemiddel   

  • Reinhald av hjelpemiddel 

  • Halde lageret ryddig og organisert 

 

Kvalifikasjonar og erfaring  

  • Interesse for og basiskunnskap i praktisk arbeid (reparasjonar ol.) vil vere ein fordel. Har du til dømes ein liten hobbymekaniker i deg kan det vere eit godt utgangspunkt. 

  • God fysisk helse 

  • Førarkort klasse B, fordel med BE 

  • Godt norsk språk    

 

Personlege eigenskapar  

  • Sjølvstendig, men likar å samarbeide med andre  

  • Likar å gjere nye oppgåver og er fleksibel  

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med brukarar og samarbeidspartar 

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

16.11.2025

Kontaktpersonar:

Geir Ove Fosse

mob: +47 90694791

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: