Kvinnherad kommune Husnestunet

Helsefagarbeider 100% fast stilling på Husnestunet

Helsefagarbeider 100% fast stilling

Husnestunet, avdeling Bestaståvo, søkjer helsefagarbeidar i 100% fast stilling frå 1. januar 2026. 

 

Stillinga er i  2- delt turnus, med kvar 3. helg.  

Arbeidsstad er per tida avdeling Bestaståvo, men ein må vere fleksibel og kunne jobbe på andre avdelingar ved behov og etter avtale med leiar.   

 

Oppstart: 1. januar 2026. Tidlegare oppstart er mogleg. 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Utøva helsefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav 

  • Heilskapleg omsorg og pleie 

  • Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling 

  • Dokumentasjon av tenesta vi yt 

  • Legemiddelhandtering 

  • Rettleie kollegaer, studentar og skuleelevar 

 

Kvalifikasjonar: 

  • Har fagbrev som helsefagarbeidar 

  • Er trygg og sjølvstendig i faget 

  • Ynskjeleg med erfaring frå demensomsorg, men ikkje eit krav 

  • Har evne til å sjå både detaljar og heilskap i pasientomsorga 

  • Bidrar til eit positivt arbeidsmiljø – også når det er travelt 

  • Trivst med variasjon og kan handtere uforutsigbare situasjonar 

  • Er nysgjerrig på utvikling og ser moglegheiter i ny teknologi 

  • God IT kunnskap 

  • Ha god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg 

 

 Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar. 

 

Vi tilbyr 

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. 

  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. 

  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø. 

  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar. 

  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. 

  • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring. 

  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. 

 

Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet (buisunnhordland.no) 

 Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. 

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

26.10.2025

Kontaktpersonar:

Cecilie Torillsdatter Fredheim

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 47694751

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: