Spesialpedagog i barnehageteamet -100% fast
Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i seks avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT, Familiestøtte, Villatoppen Avlastningsbustad og Butiltak for barn og unge. Eininga held til i lokalar i Husnes tenestesenter på Husnes.
Omtale av stillinga
Kvinnherad kommune har ledig 100% fast stilling som spesialpedagog i barnehageteamet for snarleg tilsetting. Barnehageteamet er organisert som ein del av PPT og avdelingsleiar på PPT er spesialpedagogen sin næraste leiar.
Barnehageteamet er knytt til barnehagane i Kvinnherad kommune med eit særskilt fokus på tidleg innsats og spesialpedagogisk hjelp, samt ei utøvande og rettleiande rolle innan spesialpedagogisk arbeid.
Spesialpedagogane har oppmøtestad i inntil to barnehagar. Oppmøtestad vil endrast kvart tredje år, eller etter behov. Spesialpedagogane vil delta i eit spesialpedagogisk nettverk med møter kvar 4. veke for faglege drøftingar og påfyll. Ut over dette vil spesialpedagogen ha sin fulle arbeidsdag i barnehagane. Spesialpedagogane vil ikkje være del av grunnbemanninga i barnehagane.
Arbeidsoppgåver
Vera ein fagleg ressurs innan spesialpedagogisk område for barnehagen.
Arbeide med førebygging og tidleg innsats på individ og systemnivå.
Observasjon og kartlegging.
Rettleiing på individ- og systemnivå.
Styrking av det systematiske språkarbeidet.
Ansvar for spesialpedagogisk hjelp etter §31 i barnehagelova.
Utarbeide individuell utviklingsplan (IUP) og årsrapport i samarbeid med pedagogisk leiar.
Tverrfagleg samarbeid med andre hjelpetenester.
Kvalifikasjonar
Godkjent barnehagelærarutdanning. Vidareutdanning innan spesialpedagogikk eller pedagogikk, 2.avdeling spes.ped. eller anna relevant utdanning. Det er ønskjeleg med rettleiarkompetanse.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
Erfaring frå arbeid med rettleiing er ei føremon
God samarbeidsevne, god kommunikasjon og relasjonsbyggjar
Eigna for arbeid med barn og foreldre
Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig, målretta og strukturert
Evne til fleksibilitet og endringsvilje
Krev gode norskkunnskapar
Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Å kunne arbeide tverrfagleg
Vi forventar at søkjar har vilje til å auke sin kompetanse innanfor relevante områder og ut frå tenesta sitt behov.
Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø.
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
Rettleiing.
Løn etter kvalifikasjonar.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla lov om barnehagar § 30.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
17.11.2025
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Sentrumsvegen 29 5460 Husnes