Kvinnherad kommune

100% fast stilling, dagtid

Avdelingsleiar heimetenester Ølve/Hatlestrand

Avdelingsleiar heimetenester Ølve/Hatlestrand – Kvinnherad kommune 

 Vil du vere med å utvikle framtidige tenester i omsorg, helse og sosial i Kvinnherad kommune? Ein spennande stilling i kommunen vert ledig januar 2026, då vår gode kollega har bestemt seg for å flytta frå kommunen vår, og har difor vald å sei opp stillinga si.  

 Om stillinga: 

 Avdelingsleiar fast 100% stilling – 37,5 t/v - dagtid . 

Stillinga har oppmøteplass på Ølve.  

Stillinga inneber at du har ansvar for omlag 24 årsverk fordelt på 35 tilsette.  

Som avdelingsleiar er du ein del av leiarteamet i heimetenesta i kommunen.  

Avdelingsleiar er ansvarleg for å planleggja, leia og koordinera avdelinga/gruppa sine gjeremål. Leggja til rette arbeidsoppgåver i samsvar med personale sine kvalifikasjonar og brukar sine behov. Tenesta vår er i stadig endring og andre oppgåver kan bli aktuelle i stillinga. 

Arbeidsstart: Stillinga er ledig frå januar 2026. 

 

Ølve/Hatlestrand lokalisert i vakre Kvinnherad ved Hardangerfjorden.  

Eininga yta helse og omsorgstenester etter helse og omsorgstenestelova § 3 – 1,  til dei som treng det og oppheld seg i kommunen. Eininga yt tenester etter vedtak. 

Gruppa har ansvar for heimetenester for eldre og menneske som treng pleie, omsorg og rehabilitering i område, samt  ansvar for Ølve alderspensjonat som har  14 omsorgsbustader, dagsenter og produksjonskjøkken. 

Tilsette jobbar i årsturnus, dag/kveld og har eigne nattevakter.  

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, engasjerte kollegaer med god fagleg kompetanse. Og vi har godt tverrfagleg samarbeid med stort fokus på rehabilitering og trening 

  

Vi søkjer etter ein leiar som kan: 

-              Leie avdelinga slik at tenestemottakarar får helse- og omsorgstenester av god kvalitet 

-              Vera ansvarleg for at tenestene er i samsvar med lover, forskrifter og andre sentrale og interne bestemmelsar 

-              Bidra til utvikling av tenesta 

-              Drifte avdelinga fagleg og personalmessig innanfor vedtekne rammer 

-              Koordinere vakter/turnus 

-              Delta i utviklingsarbeid 

-              Samarbeide med eksterne/interne aktørar 

-              Stillinga vil innebera stedfortredar funksjon for andre avdelingsleiarar i eininga og delegerte oppgåver frå einingsleiar 

-              Ha eit overordna ansvar for oppfølging av arbeidet med helse, miljø og tryggleik i eininga, i tett samarbeid med einingsleiar 

Kvalifikasjonar: 

-              Helsefagleg utdanning på høgskulenivå 

-              Leiarutdanning og leiarerfaring frå tilsvarande arbeid 

-              HMT-erfaring 

-              God forståing av gjeldande lovverk 

-              God digital kompetanse 

-              Beherskar norsk munnleg og skriftleg 

-              Stilling krev politiattest, ikkje eldre enn 3 månader 

Personlege eigenskapar: 

-              Ha gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag 

-              Ha evne til nytenking og initiativtaking 

-              Er ein god relasjonsbyggar, med fokus på innkludering, dialog og kommunikasjon 

-              Du må vere fleksibel og løysingsorientert 

-              Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing 

Vi tilbyr: 

-              Gratis SFO og låge barnehageprisar - eit reelt pluss for barnefamiliar 

-              Trygt og godt oppvekstmiljø for barn og unge 

-              Natur i verdsklasse - Fjord, fjell og frisk luft gir livskvalitet utan sidestykke   

-              Ein kommune i utvikling - du får kjekke kollegaer og være med i ein organisasjon som vil framover 

 

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. 

Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. 

Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø. 

Løn etter avtale. 

 

Del på:

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

02.11.2025

Tiltreding:

01.01.2026

Kontaktpersonar:

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: