
Juridisk rådgjevar 100% fast
Vi treng å styrke laget og søker difor etter juridisk rådgjevar på byggesakskontoret.
Som juridisk rådgjevar på Avdeling byggesak og geodata vert du del av eit tverrfagleg miljø der vi arbeider med plan- og byggesaker, oppmåling, eigedomsskatt og miljøretta helsevern. Vi ser etter ein person som ynskjer å bidra til at kommunen gjer vedtak som er fagleg gode, og som kan vera støtte for rådgjevarane på vår avdeling. I kommunen har vi fleire røynde juristar og vi har månadlege fagmøte der det er høve til å drøfte juridiske problemstillingar.
Som juridisk rådgjevar i kommunen får du bruke og utvikle den juridiske kompetansen din saman med kjekke og kunnskapsrike kollegaer på mange fagfelt.
Ein del av arbeidsoppgåvene i vår avdeling er oppfølging av ulovlege tiltak. Stillinga vil innebere organisering og oppfølging av dette arbeidet. Kommunen har plikt til å følgje opp ulovlege tiltak, men gjennomføring og val av metode er i stor grad lagt til kommunen sitt skjønn. Du vil såleis kunne påverke og utforme arbeidet i denne rolla, i tråd med vedteken tilsynsstrategi.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing til innbyggarane, tiltakshavarar og ansvarlege søkarar
- Sakshandsaming etter plan og bygningslova og anna regelverk avdelinga har ansvar for
- Handsame klagesaker
- Handsame innkomne saker ved ulovlegoppfølging
- Tilsyn
Kommunen heldt på med arbeid omkring utbyggingsavtalar mellom kommunen og private, og oppgåver knytt til dette kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
- Gode evner til framføring skriftleg og munnleg
- Kunnskap om byggebransjen og eventuell erfaring frå tilsyn og kontroll av byggetiltak er ein fordel
Kven ser vi etter?
Vi ser etter ein kollega som vil trivast i lag med oss og som i våre draumar er om lag slik:
- Du er oppteken av å oppnå gode resultat, du ser løysingar og likar å utvikle arbeidet ditt.
- Du har stor arbeidslyst og arbeidskapasitet.
- Du likar å jobbe i tverrfaglege team, men evnar å arbeide sjølvstendig og målretta.
- Du deler kunnskap, kan presentera arbeidet ditt både internt og til politisk nivå, og du deltek i utviklinga av arbeidsplassen din.
- Du er ikkje redd for å prøve ut nye arbeidsområde og metodar.
- Du er analytisk, nøyaktig, sjølvstendig og har fagleg integritet.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Hjå oss vil du få varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, og du vil få stor fridom til organisering av arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga. Du vert del av eit team med høg kompetanse, godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
07.11.2025
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal