Kvinnherad kommune Husnestunet

Sjukepleiar/Vernepleiar 2 x 100% stilling i vikariat Husnestunet

Sjukepleiar/Vernepleiar - vikariat 2 x 100% stilling

VIKARIAT 200% HUSNESTUNET

 

Husnestunet søkjer sjukepleiarar eller vernepleiarar i 2 stk 100% stillingar i vikariat tom 31.08.2026.

Kandidatar med anna helsefagleg bakgrunn vert og oppmoda om å søkje.

 

Stillinga er primært i 2- delt turnus, med kvar 3. helg. Det er mogleg å ta langvakter ved behov.

Arbeidsstad er i hovudsak på 1 av våre 2 avdelingar for pasientar med demens, men ein må vere fleksibel og kunne jobbe på andre avdelingar ved behov og etter avtale med leiar. 

Tilsetting  - 1. desember 2025.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Utøva helsefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav.
  • Heilskapleg omsorg og pleie.
  • Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling.
  • Dokumentasjon av tenesta vi yt.
  • Legemiddelhandtering.
  • Rettleie kollegaer, studentar og skuleelevar.

 

Kvalifikasjonar:

  • Har autorisasjon som sjukepleiar, eller vernepleiar.
  • Fagbrev innan helse- og omsorgsfag.
  • Erfaring frå psykiatri og/ eller demensomsorg er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
  • Er trygg og sjølvstendig i faget.
  • Har evne til å sjå både detaljar og heilskap i pasientomsorga.
  • Bidrar til eit positivt arbeidsmiljø – også når det er travelt.
  • Trivst med variasjon og kan handtere uforutsigbare situasjonar.
  • Er nysgjerrig på utvikling og ser moglegheiter i ny teknologi.
  • God IT kunnskap.
  • Ha god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.

 Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.

 

 Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
  • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.

 Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet (buisunnhordland.no)

 Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 

Kontaktperson for stillinga:

Cecilie Torillsdatter Fredheim

+47 47694751

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heltid/Deltid:

Heltid

Arbeidstid:

Skift / turnus / arbeidstidsordning

Søknadsfrist:

16.11.2025

Tiltredelse:

01.12.2025

Kontaktpersoner:

Cecilie Torillsdatter Fredheim

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 47694751

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: