Helgestilling Heimetjenester Halsnøy
Helgestilling
Helgevakt Halsnøytunet
Omtale av stillinga
Litt usikker på kva du vil her i livet? Kom til oss og test ut arbeid innan helse. Heimetjenesta på Halsnøy har eit kjekt og pulserande miljø, med ei god blanding av menn og damer på arbeid. No mistar vi mange studentar til dei store byane og treng difor nye helgevikarar.
Vi er oppteken av å trygge våre tilsette, og det er rom for å feila og rom for å læra. Om du kjenner deg usikker på å søkja, så send søknad, så kan vi ta ein prat, så kan vi i lag finne ut om dette kan vera noko for deg.
Kanskje skal du ha eit friår? Hos oss kan du få nyttig erfaring samt legge deg opp litt kapital.
Vi søkjer:
Vi har ledig helgestillinger, og i tillegg har vi trong for ringevikarar som kan stille opp på kort varsel ved sjukdom/anna fråvær. Helgestillinga er knytta til arbeid kvar 3. helg. Søkjarar med helsefagleg utdanning vil verte prioritert i dei faste stillingane. Det er ein føremon med helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt. Vi oppmodar menn til å søkja.
Kvalifikasjonar:
- Gjerne helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt.
- Påliteleg
- God munnleg og skriftleg norskkunnskap
- God IT kunnskap
Personlege eigenskapar:
- Nysgjerrig og vilje til å læra
- Ikkje redd for å arbeide aleine
- Omsorgsperson
Vi tilbyr:
- Pengar på konto kvar månad, ekstra om du er under helsefagleg høgskuleutdanning.
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Ekstrahjelp
Heltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Skift / turnus / arbeidstidsordning
Søknadsfrist:
23.11.2025
Kontaktpersoner:
Beate S. Røssland
mob: +47 95705234
Hjemmeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal