Sjukepleiar 100% fast stilling - Halsnøytunet
Sjukepleiar
Vi søkjer sjukepleiar i 100% fast stilling på Halsnøytunet.
Kandidatar med anna helsefagleg bakgrunn vert og oppmoda om å søkje.
Stillinga er primært i 2- delt turnus med langvakter.
Kvinnherad kommune har heiltid som føretrekt løysing, men nyttar også deltid etter vurdering av tilsette sine ønske og behov, og naudsynt fleksibilitet i tenestene.
Skriv difor i søknaden kva stillingsstorleik som er ønskjeleg og passar deg best, og i kva grad du er flkesibel om dette.
Tilsetting - snarast mogleg
Arbeidsoppgåver:
- Utøva helsefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav.
- Heilskapleg omsorg og pleie.
- Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling.
- Dokumentasjon av tenesta vi yt.
- Legemiddelhandtering.
- Rettleie kollegaer, studentar og skuleelevar.
Kvalifikasjonar:
- Har autorisasjon som sjukepleiar, eller vernepleiar.
- Er trygg og sjølvstendig i faget.
- Har evne til å sjå både detaljar og heilskap i pasientomsorga.
- Bidrar til eit positivt arbeidsmiljø – også når det er travelt.
- Trivst med variasjon og kan handtere uforutsigbare situasjonar.
- Er nysgjerrig på utvikling og ser moglegheiter i ny teknologi.
- God IT kunnskap.
- Ha god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet (buisunnhordland.no)
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
14.12.2025
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal