Ferievikar i sektor omsorg helse og sosial - bli med på laget vårt!
Ferievikarar: Pleiemedarbeidar, miljøarbeidar, vernepleiar, sjukepleiar eller helsefagarbeidar?
Kvinnherad kommune treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar og kanskje du er ein av dei?
Vi treng deg som har relevant utdannig og erfaring, er i eit helsefagleg utdanningsløp eller
deg som har eit ønskje om å bidra slik at brukarane våre får ein fin sommar!
Einingane i sektoren treng ferievikarar sommaren 2026 - frå 15.06.26 til 23.08.26. Det vil vera behov for sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar, pleiemedarbeidarar, kokk og assistentar i institusjonane og heimetenester. For dei fleste stillingane er det turnusarbeid med arbeid kvar 2.helg, kveld/dagvakter og reine nattevakter. Ein vil leggja vekt på at søkjar er fleksibel og har evne til samarbeid. Tidlegare erfaringar innan feltet er ønskjeleg, men har du ingen erfaring vil vi sørgje for god opplæring før oppstart og rettleiing undervegs.
Det er størst behov for vikarar i perioden 20.06.2026 til 16.08.2026 og du som kan arbeida i meir enn 5 veker vil bli prioritert.
Søkjarar må vera over 18 år. Vi ber deg oppgje i prioritert rekkefølgje kva eining du ønskjer å jobba i. Om du allereie har arbeid i ei eining, så tilrår me at du søkjer i same eining.
Me ønskjer at du i søknaden opplyser:
Om du har førarkort (Førarkort kl. B er naudsynt for ein del av arbeidsfelta.)
Kva eining du ønskjer å jobba i
Veker du kan jobba
Om du ønskjer/kan jobba natt
Våre arbeidsstader:
Husnestunet har 3 sjukeheimsavdelingar fordelt på 2 korttidsavdelingar og demensavdeling. Me har ledige ferievikariat på alle dei 3 sjukeheimsavdelingane og nattevakttenesta for institusjon og heimeteneste i Husnesområdet.
Kontaktperson: Tove Omdal
Halsnøytunet treng ferievikarar innanfor følgjande avdeling/område: Korttid- og langtidsavdeling, demensavdeling, og nattevakt
Kontaktperson: Tove Omdal
Rosendalstunet har 6 avdelingar fordelt på rehabilitering, korttid, langtid og demensavdeling. Me har ledig ferievikariat på alle avdelingane og nattevakttenesta for institusjonen og heimetenesta i Rosendalsområde.
Kontaktperson: Tone Tufta Gaugstad
Heimetenester har ledig vikariat innan følgjande område: Heimesjukepleie, heimehjelp, BPA og bufellesskap, ordinær turnus og langvakter. Heimetenesta held til i Ølve, i Rosendal, på Husnes og på Halsnøy og har tenester i alle bygdene i kommunen.
Kontaktperson: Ellen Korsvold.
Bu- og habilitering består av bufelleskap i Rosendal, Uskedalen, Herøysundet og på Husnes. Arbeidsoppgåvene er varierte, og omfattar praktisk og personleg hjelp, aktivisering og sosial opplæring i daglege gjeremål med vaksne personar med funksjonshemmingar. Har medlevarturnus og turnus med lange vakter.
Kontaktperson: Hilde Bakkebø.
Rus- og psykiske helsetenester har ledig vikariat som er knytt til oppfølgingstenesta på Husnes og to bufellesskap; Utsikten på Valen og Borgjo i Rosendal.
Kontaktperson: Linn S. Hellås.
Hovudkjøkkenet Husnestunet treng vikar heile, evt deler av ferien.
Kontaktperson: Finn Ove Solberg.
I år som i fjor, så vil du vera med i trekkinga av festivalpass om du søkjer og takkar ja til å jobba minst 5 veker sommaren 2026.

https://www.buisunnhordland.no/bu-i-sunnhordland/sunnhordlandsfilmen/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
25.01.2026
Kontaktpersonar:
Ellen Korsvold
mob: +47 95768175
Finn Solberg
mob: +47 91569872
Hilde Bakkebø
mob: +47 97778377
Linn Stene Hellås
mob: +47 95960651
Tone Tufta Gaugstad
mob: +47 92457680
Tove Omdal
tlf: +47 90944865
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal