Avdelingsleiar Bringedalsbygda barnehage
Omtale av stillinga
Vi har ledig stilling som styrar/avdelingsleiar i Bringedalsbygda barnehage frå 01.04.2026
Bringedalsbygda barnehage er ein del av Bringedalsbygda oppvekstsenter, saman med Bringedalsbygda skule. Barnehagen ligg sentralt i Kvinnherad kommune. Barnehagen ligg i kort avstand til sjø, skog og fjell, noko som gjev oss eit spanande og lærerikt nærmiljø.
Barnehagen sine satsingsområde er språkleg- og sosial meistring, venskap og leik. Ved oppvekstsenteret har vi eitt samarbeid med NLA, der vi har fokus på lesing av bøker, språkleikar og songleikar, der borna er aktive deltakarar. Pågåande utviklingsarbeid er språk og gode relasjonar, som er barnehagen sin inngangsport for å arbeide med inkluderande barnehagemiljø og tidleg innsats.
Barnehagen har ca. 42 plassar for born i alderen 0 - 6 år.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for det pedagogiske arbeidet på avdelinga i nært samarbeid med pedagogisk leiar
- Arbeida målretta i samsvar med Lov om barnehager med forskrifter
- Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar
- Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærarutdanning. eller annan høgskuleutdanning som gjev barnefagleg og pedagogisk kompetanse
- Utdanning og/eller erfaring som leiar er ei føremon
- Gode dugleikar i bruk av digitale verkty.
- Gode evner til munnleg og skriftleg formidling.
Personlege eigenskapa
- Tydeleg leiar.
- Kunna motivera og skape samhald.
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon.
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team. Interesse for fagleg oppdatering, er fleksibel og løysingsorientert.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
31.01.2026
Tiltreding:
01.04.2026
Arbeidsstad:
Herøysund
Kontaktpersonar:
Nina Bernhardsen
mob: +47 48130647
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal