Kvinnherad kommune Barn og familie

Ungdomsarbeidar halvårsvikariat

Halvårsvikariat som ungdomsarbeidar – Ungdomsbasane i Kvinnherad!
Har du hjarte for ungdom, brenn du for trygge møteplassar – og trivst du i ein kreativ, leiken og meningsfull kvardag? Me ønskjer snarleg tilsetjing og dette kan vere jobben for deg!
Kvinnherad kommune søkjer no to engasjerte ungdomsarbeidarar i 6‑månaders vikariat:
  • 40 % – Ungdomsbase Nord - oppmøtestad Rosendal
  • 60 % – Ungdomsbase Sør  - oppmøtestad Husnes
Om stillinga
Ungdomsteamet i Kvinnherad består av ungdomsarbeidarar, ungdomslosar og utekontaktar som jobbar saman for å skape gode, trygge og rusfrie arenaer for ungdom. 
 
Som ungdomsarbeidar vil du:
  • vere med å skape inkluderande og trygge møteplassar – både i og utanfor ungdomsbasane
  • samarbeide tett med ungdomane om aktivitetar, arrangement og utvikling av tilbodet
  • bidra i oppfølging av ungdom ved behov, i samarbeid med utekontakt, ungdomslosar og andre tenester
  • vere ein viktig vaksenperson som set trygge, tydelege og varme grenser
  • samarbeide med politi, barnevern, skule, helsestasjon m.fl. når situasjonen krev det
Arbeidstida er i hovudsak ettermiddag og kveld, med noko tid til planlegging og møteverksemd. På ungdomsbasane er det alltid minst to tilsette som driftar tilbodet i lag.
 
Me søkjer deg som:
  • har ei utdanning innan helse- og sosialfag, men me ønskjer òg søkjarar med relevant erfaring eller annan bakgrunn
  • har eit ekte engasjement for ungdom – og gjerne erfaring frå ungdomsarbeid eller drift av ungdomsklubb
  • er trygg, tydeleg og god på relasjonar
  • kommuniserer godt og samarbeider godt
  • er empatisk, inkluderande og ikkje-dømande
  • klarer å sjå ungdommane sine perspektiv
  • er kreativ, leiken og løysingsorientert
Personlege eigenskapar vert vektlagde sterkt.
 
Hos oss får du:
  • ein meiningsfull kvardag der du gjer ein forskjell for ungdom i lokalmiljøet
  • høve til å vere med å utvikle framtidas ungdomsarbeid i Kvinnherad
  • gode kollegaer i eit tverrfagleg ungdomsteam
  • tilsetjing etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar (HTA/AML)
  • pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
  • ein arbeidsplass i ei IA‑verksemd
Gyldig politiattest må leggast fram før tiltreding.
 
Vil du vere med og skape trygge, gode og inspirerande møteplassar for ungdom i Kvinnherad?
 
Då vil me gjerne høyre frå deg!
 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp
Sesong
Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

19.02.2026

Tiltreding:

Snarleg tilsetting

Arbeidsstad:

Ungdomsbase Nord og Sør

Kontaktpersonar:

Randi Pedersen

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 45288088

Veronica T Thorsen

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 90076543

Adresse:

Sentrumsvegen 29 5460 Husnes

Kart: