Einingsleiar/rektor Halsnøy skule
Einingsleiar/Rektor
Omtale av stillinga
Ledig stilling som rektor - Halsnøy skule i Kvinnherad
Kvinnherad kommune søkjer einingsleiar til Halsnøy skule. Skulen har 160 elevar og 40 tilsette i skule/SFO. Skulen har gode undervisningslokale og allsidig uteområde.
Om stillinga
Som rektor får du ansvar for pedagogisk utvikling, personalleiing, utvikling av læringsmiljø og samarbeid med laget rund eleven, og budsjett og økonomistyring. Du skal legge til rette for medverknad, samarbeid og samhandling for eit godt tenestetilbod.
Skulen er organisert med 100% rektor, 50% avdelingsleiarar, SFO-koordinator og merkantil ressurs. I tillegg har skulen pedagogisk koordinator, e-pedagog og ressursteam. Som einingsleiar blir du ein del av sektor oppvekst sitt tverrfaglege leiarteam.
Vi ønsker ein leiar som har følgjande kvalifikasjonar
- relevant høgskule og/eller universitetsutdanning innan pedagogikk
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- engasjement for elevane sine resultat og trivsel
- evne til å inspirere og drive ein lærande organisasjon
- inkluderande menneskesyn, gode mellommenneskelege dugleikar og evne til å skape eit godt arbeidsmiljø
- fellesskap i kommunen sitt leiarteam og faglege nettverk
- erfaring frå skuleleiing og/eller vilje til å ta rektorutdanning
Vi legg vekt på følgjande personlege eigenskapar
- engasjement for elevane sine resultat og trivsel
- evne til å inspirere og drive ein lærande organisasjoninkluderande menneskesyn, gode mellommenneskelege dugleikar og evne til å skape eit godt arbeidsmiljø
- inkluderande menneskesyn, gode mellommenneskelege dugleikar og evne til å skape eit godt miljø.
Vi tilbyr:
- Ei meiningsfull leiarrolle med stor påverknadskraf
- Fellesskap i kommunen sitt leiarteam og faglege nettverk
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Kvifor velje Kvinnherad?
Kvinnherad er ein kommune med storslått natur og eit aktivt lokalsamfunn. Her får du:
- Kort veg til friluftsliv, båtliv og fjellturar
- Gode oppvekstvilkår og trygge bumiljø
- Eit rikt kulturliv og sterke tradisjonar
- Gratis SFO for 1.-4. trinn og redusert pris i barnehage.
- Ordning med sletting av studielån, Lånekassen
Les meir om kommunen her.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd, jf. opplæringslova § 10-9.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
22.02.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Halsnøy skule
Kontaktpersonar:
Heidi Anita Særsten Solheim
mob: +47 48895633
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal