Sjukepleiar/Vernepleiar med rekrutteringstilskot Halsnøytunet
2x100% fast stilling som Sjukepleiar/Vernepleiar Halsnøytunet
Sjukepleiar / Vernepleiar til demensavdeling med rekrutteringstillegg
Vil du vere med og skape gode dagar for menneske med demens?
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar eller vernepleiar til Halsnøytunet, en av institusjonstenesta i Kvinnherad sin institusjon. Avdelinga har 8 plassar og eit stabilt og kunnskapsrikt personale som arbeider målretta for å gi tryggleik, aktivitet og meistring for bebuarane.
Arbeidsstad
Demensavdelinga på Halsnøytunet er ei fagleg sterk avdeling med høg kompetanse innan miljøbehandling og personsentrert omsorg. Vi har dei siste åra tatt i bruk TID-modellen (Tverrfaglig Intervensjonsmodell ved utfordrende atferd ved Demens) og jobbar aktivt i tråd med denne i det daglege. Du vil inngå i eit tverrfagleg miljø der refleksjon, samarbeid og fagleg utvikling står sentralt.
Vi har eit godt samarbeid både internt i avdelinga og på tvers av avdelingar, og arbeider tett saman for å gi bebuarane best mogleg kvardag.
Arbeidsoppgåver
- Heilskapleg pleie og omsorg for personar med demens
- Tverrfagleg samarbeid og aktiv bruk av TID-modellen
- Medikamenthandtering og dokumentasjon
- Bidra til fagutvikling og kvalitetsforbetring i avdelinga
- Rettleiing av kollegaer, studentar og lærlingar
- Bruk av og vidareutvikle bruk av velferdsteknologi
- Planlegging og gjennomføring av aktivitetar som fremjar meistring og livskvalitet
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Gode norskkunnskapar – både munnleg og skriftleg
- God IT-kompetanse: trygg på dokumentasjon i journalsystem, bruk av Word, registreringar i Excel, og kommunikasjon/samarbeid i Teams
- Gjerne erfaring frå demensomsorg eller psykisk helse
- Interesse for personsentrert omsorg og miljøterapeutisk arbeid
- Evne til å bidra aktivt i tverrfagleg samarbeid
- Gode kommunikasjonsevner, trygg i møte med pårørande
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Gode samarbeidsevner og eit løysingsfokusert arbeidsmindset
- Er nysgjerrig på utvikling og ser moglegheiter i ny teknologi.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagd
Fordeler vi tilbyr i Kvinnherad Kommune
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- Systematisk opplæring og rettleiing i TID-modellen
- Eit inkluderande, varmt og engasjert arbeidsmiljø
- Moglegheit for å søkje kompetansestipend for fagleg utvikling og kurs
- Føreseieleg turnus og god arbeidsplanlegging
- Bruk av årsplan/årsturnus
- Moglegheit for langvakter for deg som ønskjer det
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
- Mange aktivitetstilbod for barn og unge.
Velkomen til ei eining der du blir sett, høyrd og fagleg utfordra!
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
28.02.2026
Arbeidsstad:
Halsnøy
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal