Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester

Sjukepleiar/vernepleiar Rus- og psykiske helsetenester

Sjukepleiar/vernepleiar 100 % fast stilling

Omtale av stillinga 

Rus- og psykiske helsetenester søkjer etter sjukepleiar, 100% i turnus med arbeid kvar 6. helg. 

Arbeidstad i Rosendal, ved Borgjo Bufellesskap. 

Som tilsett ved Rus og psykiske helsetenester skal ein arbeide ut frå eit recoveryperspektiv. Dette inneberer å ha fokus på ressursar, meistring, likeverd og fleksibilitet. Ein skal bistå brukarane i å nå eigne mål for ein betre kvardag med meining og meistring.  

Fast stilling frå 1. juni 2026

 

Kvalifikasjonar 

-          Autorisasjon som sjukepleiar

-          Førarkort klasse B

-          Arbeidserfaring og/eller videreutdanning innan rus-og psykisk helse kan vere eit føremon

 

Personelge eigenskapar 

- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.  

- Du må vere fleksibel og løysningsorientert. 

- Du må ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg. 

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring. 

 

Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din.

Husk å oppgje referansar eller ta med til intervju. 

 

 

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).

Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje

skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta

offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje

søknaden din.

 

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

01.03.2026

Tiltreding:

01.06.2026

Kontaktpersonar:

Aleksander Ingebretsen

mob: +47 45709614

Linn Stene Hellås

mob: +47 95960651

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: