Kvinnherad kommune Rosendalstunet

Helsefagarbeidar 100% fast stilling med rekrutteringstilskot - Rosendalstunet

Helsefagarbeidar 100 % fast stilling 

Arbeidsstad: Rosendalstunet – midt i vakre Rosendal


Vi søkjer helsefagarbeidar/miljøarbeidar i 100 % fast stilling.

Er du ein helsefagarbeidar med eit ekte engasjement for eldreomsorg – og lyst til å bli del av ein solid gjeng med dyktige fagfolk? Vi ser etter deg som vil bidra til ei verdig omsorg, og som har særleg interesse for geriatrisk arbeid.

Rosendalstunet ligg i Rosendal i vakre Kvinnherad ved Hardangerfjorden. Vi er ein institusjon for eldre og menneske som treng pleie, omsorg og rehabilitering. Her har vi 6 avdelingar og 60 plassar innan langtidsopphald, demens og korttid/rehabilitering. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø tett tverrfagleg samarbeid og god tilgang på treningsfasilitetar.

  • Rekrutteringstillegg på kr. 50.000, med 2 år bindingstid for eksterne søkjarar

Turnus

Stillinga er i turnus med arbeid kvar tredje helg, eller turnus med langvakter. 

Velferdsteknologi er ein naturleg del av kvardagen vår – no med prosjektet kamerabasert tilsyn.

Arbeidsoppgåver

  • Utøva helsefaglege oppgåver i samsvar med lovverk, rutinar og kvalitetskrav

  • Gje heilskapleg pleie og omsorg

  • Samarbeida med pasientar, pårørande, avdelingsleiar og kollegaer

  • Dokumentera tenestene vi yter

  • Legemiddelhandtering

  • Rettleia kollegaer, studentar og elevar

Kvalifikasjonar

  • Bestått fagbrev som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar

  • God norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel og løysingsorientert

  • God kommunikasjon- og samarbeidsevner

  • Evne til å jobba sjølvstendig, men også som ein del av eit team

Ved tilsetjing legg vi vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing etter gjeldande kommunale vilkår (HTA og AML)

  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring i KLP

  • Gode arbeidsvilkår i eit triveleg og støttande arbeidsmiljø

  • Dekning av flytteutgifter etter avtale

  • Ingen eigedomsskatt for hus, hytter eller næring

  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage

  • Ein region med mykje å by på – sjå Sunnhordlandslivet


Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern §6.10, opplæringslova §10.9, lov om barnehagar §19, Helsepersonellova §20 helse- og omsorgstenestelova §5-4 

Ein liten videosnutt om kommunen vår : https://www.youtube.com/watch?v=Qp1wXYbj4Ps

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

08.03.2026

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Rosendalstunet

Kontaktpersonar:

Adresse:

Nesvegen 51 5470 Rosendal

Kart: