Kvinnherad kommune Heimetenester Husnes

Sommarvikar - Dagavdeling på Hsuenstunet (Veke 26-33)

Sommarvikar - Dagavdeling Husnestunet

Sommarvikar – Dagavdeling på Husnestunet (veke 26–33)

Vil du ha ein meiningsfull sommarjobb der du gjer ein forskjell for andre kvar einaste dag?

Vi søkjer engasjerte og omsorgsfulle sommarvikarar til vår dagavdeling i perioden veke 26–33. Hos oss møter du brukarar som kjem for sosialt fellesskap, aktivitet og gode opplevingar i trygge rammer.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta aktivt i miljøarbeid og daglege aktivitetar
  • Bidra til trivsel, meistring og sosial deltaking
  • Praktiske oppgåver knytt til måltid og daglege rutinar
  • Samarbeid med kollegaer og pårørande

Vi legg særleg vekt på personlege eigenskapar:

  • Du er varm, trygg og omsorgsfull i møte med andre
  • Du er positiv og bidreg til eit godt miljø
  • Du er tålmodig og fleksibel
  • Du tek ansvar og arbeider sjølvstendig
  • Du kommuniserer godt og samarbeider lett med andre
  • Du har evne til å skape gode relasjonar

Erfaring frå helse- og omsorgsarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Meiningsfulle arbeidsdagar
  • God opplæring og rettleiing
  • Eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø

Det må leverast politiattest før tiltreding.

Har du lyst til å bruke sommaren på å skape gode dagar for andre? Då håpar vi du søkjer!

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Sesong

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

29.03.2026

Tiltreding:

22.06.2026

Arbeidsstad:

Husnestunet

Kontaktpersonar:

Birthe Tislevoll Eik

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 91640785

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: