Sjukeheimslege vikariat 100 %Rosendalstunet
Sjukeheimslege Rosendalstunet
Kommunal lege – utvikling, kvalitet og tverrfagleg samarbeid
Har du hjarte for dei eldre og eit godt lag med menneske? Då kan du vera akkurat den sjukeheimslegen vi gler oss til å få med på laget!
Kvinnherad kommune ønskjer å opprette ei ny 100 % legestilling knytt til legetenesta. Stillinga er knytt til Rosendalstunet dei første to åra. Institusjonen har seks avdelingar og 60 plassar fordelt på langtidsplassar, demens og korttid/rehabilitering. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø, tverrfagleg samarbeid og god tilgang til treningsfasilitetar. Som sjukeheimslege er du ein del av eit tverrfagleg team som består av sjukepleiarar, ergoterapeutar og fysioterapeutar. I tillegg til denne stillinga er det 1,1 årsverk i kliniske legestillingar fordelt på tre legar.
Rosendalstunet ligg i nydelege omgjevnader ved Hardangerfjorden (ja, du får nydeleg utsikt på kjøpet kvar dag).
Omtale av stillinga
Vi søkjer ein dyktig og engasjert lege som har strukturert arbeidsstil, kan jobba sjølvstendig og delta i kvalitetsutviklande arbeid. Vi ønskjer ein lege med kompetanse og erfaring frå sjukeheimsmedisin, allmennmedisin og/eller indremedisin. Søkarar med annan relevant bakgrunn vert òg vurderte. Engasjement, fleksibilitet, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og personleg eignaheit vert vektlagde. Søkarar bør ha gjennomført LIS1/turnus, ha norsk autorisasjon som lege og ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
ALIS
Kvinnherad kommune er registrert som utdanningsverksemd i allmennmedisin. For kandidatar i ALIS‑løp kan vi tilby individuell utdanningsplan, rettleiing og internundervisning. Detaljar vert avtalte i samband med tilsetjing.
Oppstart
Det er mogleg med snarleg oppstart og redusert stillingsprosent.
Arbeidsoppgåver:
- Gi heilhetlig medisinsk oppfølging av pasientar, inkl. legevisitt, innkomstjournal, epikrise, årskontroll, legemiddelgjennomgong, samtykkevurdering og behandlingsavklaring
- Sikre god og korrekt dokumentasjon
- Dialog med pasient og pårørande
- Tverrfaglig samarbeid med øvrige faggrupper på sjukeheimen
- Samhandling med fastlegar, andre kommunale tjenester og spesialisthelsetjenesta
- Bidra til internundervisning, kompetanseheving og fagutvikling
- Holde seg fagleg oppdatert, mellom anna ved å delta på relevante møter og kurs
Vi tilbyr
- Engasjert og fagleg sterkt sjukeheimslegeteam med fagmøte annan kvar månad
- Avsett tid til fag/undervisning og dekning av relevante kurs
- Høve til å møte mange ulike pasientgrupper og problemstillingar
- Dagtid – fri i helgar og høgtider
- Konkurransedyktig løn (etter avtale)
- Offentleg pensjonsordning
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet
- Per i dag er det ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring
- Gratis SFO, kommunal reduksjon i foreldrebetaling i barnehage og søskenmoderasjon
- Dekning av flyttekostnader etter nærare reglar
- Trygt og godt oppvekstmiljø
- Natur i verdsklasse – fjord, fjell og friluftsliv rett utanfor døra
Legevakt
Kvinnherad kommune har eiga legevakt. Det er mogleg å ta legevakter utanom arbeidstid dersom du ønskjer det, men det er ikkje pålagt.
Oppstart
Ønskt oppstart er 01.08.2026, eller etter avtale.
Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:
einingsleiar Irina Zimina tlf. 488 94 055
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
31.03.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Kontaktpersonar:
Irina Zimina
mob: +47 488 94 055
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal