Fast 100 % Serviceteknikar Hjelpemiddellageret
Serviceteknikar Hjelpemiddellageret
Omtale av stillinga
Kvinnherad kommune søkjer etter servicetekniker til Hjelpemiddellageret. Oppstart etter avtale helst innan mai 2026.
Som serviceteknikar tek du del i hjelpemiddelformidling lokalt og bidreg til at innbyggjarar i alle aldrar kan meistre kvardagen sin betre. Du vert del av eit lite arbeidsmiljø med tett samarbeid med ergo- og fysioterapitenesta.
Ein typisk arbeidsdag består vanlegvis i utkøyring og montering av hjelpemidlar, mindre reperasjonar, utpakking av innkomne varer, reinhald av hjelpemiddel og liknande. Likar du å vere i aktivitet, kome i kontakt med menneske og ha varierte arbeidsdagar passar dette godt for deg!
For å nå fram i vår langstrakte kommune vert det ein god del timar i bil, så trivst du med å køyre bil kan det vere ein fordel. Samtidig treng me deg med god fysisk helse då det er ein del bæring og flytting av hjelpemidlar inn og ut av bustader kringom i kommunen. Ein bakgrunn eller interesse innanfor praktiske område som mekanisk arbeid, småreperasjonar og teknisk innsikt er ein fordel.
Oppmøtestad per i dag er Dimmelsvik. Arbeidstid er kl. 0800-1530.
Arbeidsoppgåver
- Utkøyring, montering og service/reparasjonar av hjelpemiddel
- Reinhald av hjelpemiddel
- Halde lageret ryddig og organisert
- Samarbeid og kommunikasjon med kollegaer og innbyggjarar
Kvalifikasjonar og erfaring
- Fagbrev innan relevant fagområde som mekanikk og liknande. Lang erfaring innan aktuelle tenesteområde kan erstatte formell utdanning.
- God fysisk helse
- Førarkort klasse B, fordel med BE
- Godt norsk språk
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, men likar å samarbeide med andre
- Likar å gjere nye oppgåver, er fleksibel og løysingsorientert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Serviceorientert
- Ryddig og strukturert
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
25.03.2026
Tiltreding:
01.05.2026
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal