2 X 100% Brukerstyrt Personlig Assistent til brukar på Husnes
2x100% Brukerstyrt Personlig Assistent til brukar på Husnes
Vi søker etter fleire medarbeidar til ein spennande og variert jobb. Stillingane er i BPA ordning under Heimetenesta på Husnes. Stillingane er fast 100% og inneber tett samarbeid med brukar som har behov for praktisk og personleg assistanse i kvardagen.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vera å assistera ved personleg stell og hygiene, samt praktisk bistand i heimen. Støtte til transport og sosiale aktivitetar, samt støtte og hjelp etter brukars behov.
Stillinga har arbeid i turnus, kvardag og kvar 3. helg. 35,5 t/v og lønna som fagarbeidar. Vaktene er for tida deltvakt - det vil sei at vakta er delt i to i løpet av same dag med opphald i mellom. Det kan også være aktuelt med langvakter i turnus.
Kvalifikasjonar:
- Evne til å jobba sjølvstendig, men samtidig vera ein god samarbeidspartner
- God munnleg og skriftleg norsk framstilling
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Fleksibel og taklar arbeidsdagar med endring
- Ansvarsbevisst og lojal
- Er trygg i pleiesituasjonar og evnar til sjølvstendig arbeid
- Tolmodig, fleksibilitet og empati
- Erfaring fra arbeid med mennesker
Personlege egenskapar vert sterkt vektlagt.
Vi tilbyr:
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekking av flytteutgifter etter nørmare reglar
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern §6.10, opplæringslova §10.9, lov om barnehagar §19, Helsepersonellova §20 og helse og omsorgstenesta §5-4.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
29.03.2026
Tiltreding:
01.06.2026
Arbeidsstad:
Husnes
Kontaktpersonar:
Christine Fjelland
mob: +47 48299827
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal