Kvinnherad kommune Veg og park

Anleggsgartnar Veg og park 100 % fast

Omtale av stillinga

 Eining for Veg og park søkjer etter løysningsorientert medarbeidar som kan arbeida sjølvstendig og i team. Vi leiter etter ein  person med erfaring frå vedlikehald av grøntanlegg  og vegvedlikehald både sommar- og vinterdrift.

Frammøteplass vert ved Husnes driftsbase.

 
Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for drift av utomhusanlegg, parkar og fri-områder i kommunen.
  • Vedlikehald av kommunale idrettsanlegg, utandørs.
  • Vedlikehald av kommunal veg med tilhøyrande overvassanlegg, t.d. lapping av veg, grøftereinsk, feiing vegbane, skraping, utskifting av overvassrøyr mm.
  • Delta i vinterberedskap og vinterdrift frå start oktober til ut mars.
  • Vedlikehald av teknisk utstyr som høyrer til eininga

Noko manuelt arbeid må påreknast.

Vi søkjer person som har / er

  • Fagbrev anleggsgartnar / gartnar (ønskjeleg, men ikkje absolutt krav)
  • Fagbrev maskinførar og / eller anleggsfag (ønskjeleg, men ikkje absolutt krav)
  • Erfaring frå anleggsbransjen,
  • Erfaring som maskinførar og har nødvendig sertifikat for bruk av gravemaskin og hjullaster, M2 og M4
  • ADK-1 sertifikat (dette er ønskjeleg, men ikkje absolutt krav.)
  • Førarkort klasse BE, T høg hastigheit ( C1 eller C er ønskjeleg, men ikkje absolutt krav)
  • Grunnleggjande datakunnskapar.
  • Gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg.

 

Lang erfaring kan kompensera for manglande formal kompetanse

Personlege eigenskaper

  • Engasjement og interesse for faget.
  • Evne til å være sjølvgåande, klara å sjå løysingar og ikkje problem i oppdraga.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Høg arbeidskapasitet, arbeider nøyaktig og systematisk.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.

 

-         

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

12.04.2026

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Kvinnherad

Kontaktpersonar:

Lars Arne Opedal

mob: +47 902 68 645

Terje Natland

mob: +47 99574121

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: