Anleggsgartnar Veg og park 100 % fast
Omtale av stillinga
Eining for Veg og park søkjer etter løysningsorientert medarbeidar som kan arbeida sjølvstendig og i team. Vi leiter etter ein person med erfaring frå vedlikehald av grøntanlegg og vegvedlikehald både sommar- og vinterdrift.
Frammøteplass vert ved Husnes driftsbase.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for drift av utomhusanlegg, parkar og fri-områder i kommunen.
- Vedlikehald av kommunale idrettsanlegg, utandørs.
- Vedlikehald av kommunal veg med tilhøyrande overvassanlegg, t.d. lapping av veg, grøftereinsk, feiing vegbane, skraping, utskifting av overvassrøyr mm.
- Delta i vinterberedskap og vinterdrift frå start oktober til ut mars.
- Vedlikehald av teknisk utstyr som høyrer til eininga
Noko manuelt arbeid må påreknast.
Vi søkjer person som har / er
- Fagbrev anleggsgartnar / gartnar (ønskjeleg, men ikkje absolutt krav)
- Fagbrev maskinførar og / eller anleggsfag (ønskjeleg, men ikkje absolutt krav)
- Erfaring frå anleggsbransjen,
- Erfaring som maskinførar og har nødvendig sertifikat for bruk av gravemaskin og hjullaster, M2 og M4
- ADK-1 sertifikat (dette er ønskjeleg, men ikkje absolutt krav.)
- Førarkort klasse BE, T høg hastigheit ( C1 eller C er ønskjeleg, men ikkje absolutt krav)
- Grunnleggjande datakunnskapar.
- Gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg.
Lang erfaring kan kompensera for manglande formal kompetanse
Personlege eigenskaper
- Engasjement og interesse for faget.
- Evne til å være sjølvgåande, klara å sjå løysingar og ikkje problem i oppdraga.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Høg arbeidskapasitet, arbeider nøyaktig og systematisk.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
-
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
12.04.2026
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Kvinnherad
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal