Kvinnherad kommune Heimetenester Rosendal

Helsefagarbeidar 100% fast stilling Heimetenester Ølve

Vi søkjer ein helsefagarbeidar i 100 % fast stilling i Ølve med oppstart 01.06.26.

 Er du ein helsefagarbeidar med hjarte for eldreomsorg og har lyst til å bli ein del av vår flotte gjeng med kompetente fagfolk? Vi søker deg som brenn for profesjonell og verdig eldreomsorg.

Årsturnus, 2 -delt turnus. Arbeid ute og i bustader med heildøgnsomsorg.

Velferdsteknologi er ein del av vår kvardag, og vi held på med prosjekt "kamerabasert tilsyn".

Kvinnherad kommune er med i ordninga der du kan få sletta kr. 25.000, pr. år av studiegjelda di. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt: Sletting av studielån – no startar oppteninga - regjeringen.no

 I Kvinnherad får du mykje meir enn ein jobb:

• Billig barnehageplass – berre 500 kr/mnd
• Gratis SFO (fram til 3. klasse)
• Mange flotte skular og barnehagar rundt om i kommunen. Hatlestrand skule er 1-10 skule og har heildagskule og i Ølve har vi Ølve montessoriskule, 1-7 skule. På Hatlestrand har vi Strand-Ulv hallen med aktiviteter for store og små samt innomhus basseng. Både i Ølve og på Hatlestrand har vi flotte uteanlegg med sandvolleyball og fotballbane. Det er barnehagar både på Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy. Les meir på kvinnherad.kommune.no
• Trygt og godt oppvekstmiljø for barn og unge
• Du får natur i verdsklasse, fjord, fjell og frisk luft rett utanfor døra

Vi derimot… manglar deg!

 Arbeidsoppgåver: 

  • Utøva helsefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav
  • Heilheitleg omsorg og pleie
  • Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling
  • Dokumentasjon av tenestane vi yt
  • Legemiddelhandtering
  • Rettleie kollegaer, studentar og skuleelevar

 Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Norskkunnskap, skriftleg og munnleg

 Personlege eigenskaper:

  • Du må vera fleksibel og løysingsorientert.
  • Ha gode evner til kommunikasjon
  • Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre
  • Ha førarkort
  • Positiv

 Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.

 Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
  • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
  • Arbeidstøy

 

Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet (buisunnhordland.no)

 

Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

12.04.2026

Tiltreding:

01.06.2026

Arbeidsstad:

Ølve

Adresse:

Ølvesvegen 485 5637 ØLVE

Kart: