Sjukepleiar Korttid/Langtid Husnestunet
Sjukepleiar Husnestunet
Sjukepleiarar på Korttid og rehabiliteringsavdeling på Husnestunet
Husnestunet institusjon har no ledig sjukepleiarstilling. Vi søker derfor ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiarar som ønskjer å vere med og skape tryggleik, kvalitet og gode pasientforløp.
Uavhengig av avdeling blir du ein viktig del av ein kompetent og dedikert fagstab som arbeider tverrfagleg og målretta for å gi pasientane best mogleg behandling og omsorg.
Korttid- og rehabiliteringsavdelinga
Avdelinga jobbar målretta med rehabilitering, trening og funksjonsfremjande tiltak. Her får du bidra aktivt i å planlegge, gjennomføre og evaluere behandlingsløp som gir pasientane betre funksjon og meistring.
Arbeidsoppgåver
(tilpassast noko etter avdeling)
- Sjukepleiefagleg vurdering, behandling og oppfølging
- Samarbeid med lege og anna tverrfagleg personell
- Bruk av kliniske kartleggings- og vurderingsverktøy
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak
- Ivaretaking av pasientar med akutte og komplekse behov
- Samhandling med og rettleiing av pasientar og pårørande
- Medikamenthandtering og dokumentasjon
- Rettleiing av kollegaer, studentar og lærlingar
- Bruk og vidareutvikling av velferdsteknologi
- Bidra til fleksibel ressursbruk på tvers av avdelingar
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- God IT‑kompetanse (journalsystem, Word, Excel, Teams)
- Gjerne erfaring frå korttid, rehabilitering, demensomsorg eller psykisk helse
- Interesse for personsentrert omsorg og miljøterapeutisk arbeid
- Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
- Trygg og tydeleg kommunikator
- Gode samarbeidsevner og eit løysingsorientert tankesett
- Interesse for fagutvikling og ny teknologi
- Personleg eignaheit vil bli vektlagd
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- Eit inkluderande, varmt og engasjert arbeidsmiljø
- Moglegheit for kompetansestipend og kurs
- Føreseieleg turnus og god arbeidsplanlegging
- Moglegheit for langvakter for dei som ønskjer det
- Tilsetjing etter HTA/AML
- Gode pensjons-, ulykkes- og gruppelivsforsikringsordningar i KLP
- Gode arbeidstilhøve i moderne og tilrettelagte lokalar
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
- Moglegheit for sletting av 25 000 kr av studielån etter eitt år i jobb i Kvinnherad
- Ingen eigedomsskatt pr. i dag for hus, hytter og næring
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage
Er dette noko for deg?
Vi ser etter sjukepleiarar med engasjement, fagleg styrke og godt humør – som trivst i eit miljø der det skjer mykje og samarbeidet står sterkt.
Velkommen til å sende søknad!
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
05.04.2026
Arbeidsstad:
Husnes
Kontaktpersonar:
Siv Kristin Handeland
mob: +47 90568941
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal