Kvinnherad kommune Heimetenester Husnes

Helsefagarbeidar Heimetenesta Husnes

Helsefagarbeidar Heimetenesta Husnes

Ledig stilling som fagarbeidar i heimesjukepleien

Vi har ledig stilling som fagarbeidar i heimesjukepleien. Vi søkjer ein engasjert og fagleg dyktig medarbeidar som ønskjer å bidra til gode og trygge tenester for brukarane våre.

Heimesjukepleien gir helse- og omsorgstenester til menneske i alle aldrar som bur heime. Arbeidet er variert, sjølvstendig og meiningsfylt, og du vil vere ein viktig del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie- og omsorgsoppgåver i tråd med vedtak og faglege retningslinjer
  • Observere, vurdere og dokumentere endringar hos brukar
  • Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre faggrupper
  • Bidra til gode rutinar og eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Delta i utvikling av tenesta

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar / fagarbeidar i helse
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
  • Gjerne erfaring frå heimeteneste eller liknande arbeid

Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer ein medarbeidar som:

  • er trygg, omsorgsfull og har gode samarbeidsevner
  • er strukturert og kan arbeide sjølvstendig
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag
  • Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Løn etter gjeldande tariffavtale

Søknadsfrist:
Tiltreding: etter avtale

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

06.04.2026

Arbeidsstad:

Husnes

Kontaktpersonar:

Birthe Tislevoll Eik

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 91640785

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: