Kvinnherad kommune Sektor samfunnsutvikling

Sommarjobb på Turistinformasjonen

Bli turistvert i sommar!

På turistinformasjonen treng vi ein turistvert som vil vera eit godt vertskap for besøkande som kjem til Kvinnherad i sommar. Turistane som kjem innom oss lurar på kva dei kan oppleve i kommunen, og turistverten sin jobb er å hjelpe turistane med det dei lurar på.

 

Arbeidsoppgåvene som turistvert inkluderar:

- Å hjelpe turistar på turistinformasjonen.

- Ha tilsyn ved Skaalurensamlinga og bidra med formidling om samlinga.

- Billettsal til utstillinga på Folgefonnsenteret og Skaalurensamlinga.

- Sjå til at lokalet er ryddig innandørs og utandørs.

- Ha tilsyn ved kaiområdet og terminalbygget (til dømes sjå til at terminalbygget og kaiområdet er ryddig for søppel).

Det er størst behov for turistvertar i juli, men heile skuleferien er aktuell.

 

I søknaden ber vi om at du skriv:

- Kva tidsperiode du kan jobbe i

- Om det er datoar i løpet av sommaren der du ikkje er tilgjengeleg

 

Arbeidstida vil vera innanfor opningstidene kl. 10 – 18, med arbeid minst kvar 2. helg.

Arbeidsstad er på turistinformasjonen som er lokalisert på Folgefonnsenteret i Rosendal.

Søkjarar frå 16 år vil verta vurderte.

Løn etter tariff.

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

20.04.2026

Tiltreding:

juni-2026

Arbeidsstad:

Rosendal

Kontaktpersonar:

Yvonne Hammer

mob: +47 40437065

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: