Eigedomsforvaltar Teknikk og miljø
Omtale av stillinga
Vår eigedomsforvalter / rådgivar skal over i pensjonisttilvære og vi søkjer derfor etter ein person som kan ta over dette ansvaret. I samband med forvaltning, prosjektering og utbygging er det viktig å ivareta grunneigar rolla på vegne av Kvinnherad kommune. Vi søkjer derfor etter ein eigedomsforvaltar som kan vera med å ivareta desse oppgåvene.
Stillinga ligg i staben til Sektor Teknikk og miljø og skal samarbeida tett med kommunalsjef i sektoren og andre i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
- Forvaltning av den kommunale eigedomsporteføljen.
- Kjøp og sal av ubebygde og bebygde eigedomar
- Grunnerverv, tilrettelegging og sal av areal i samband med nye utbyggingsprosjekt.
- Utarbeide avtalar og kontraktsdokument.
- Spørsmål knytt til kontraktsrett og offentlege anskaffingar.
- Andre oppgåver kan bli pålagt stillinga ved behov.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innanfor arealforvaltning, eigedomsutvikling, jordskifte eller liknande.
- Det er ønskjeleg å ha kunnskap om eigedomsrett, kontraktsrett, offentleg anskaffing og anna juridisk kompetanse.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid.
- Gode IT kunnskapar.
- Gode norsk kunnskapar, munnleg og skriftleg.
- Sertifikat kl. B
- Lang relevant erfaring kan kompensera for manglande formalutdanning.
Vi ser setter deg som :
- har gode samarbeidsevner, men også kan arbeide sjølvstendig og systematisk.
- er ansvarsbevisst.
- har god innsikt i grunneigarrolla.
- har gode kommunikasjonsevner, og er god til å etablera og utvikle tillitsfulle relasjonar og skape forståing for vår verksemd.
- har evne til å sjå moglegheiter og løysingar på tvers.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
- I Kvinnherad er det ingen eigedomsskatt pr idag for hus og hytter.
- I Kvinnherad har vi gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen
Andre fordeler
Kvinnherad kommune er ein av utvalde distriktskommunar der ein kan søkja om å få sletta inntil kr 25 000,- av studielånet sitt på gitte vilkår. For meir informasjon sjå her studielånet
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
06.05.2026
Tiltreding:
så snart som mogleg
Arbeidsstad:
Rådhuset Rosendal
Kontaktpersonar:
Sigbjørn Øye
tlf: +47 91531482
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal