Helsefagarbeidar, 80 % stilling, vikariat på natt
Helsefagarbeidar – natt - vikariat 1 år
Heimetenester Hatlestrand/Ølve
Er du helsefagarbeidar og ønskjer å jobba i eit engasjert og fagleg sterkt miljø i flotte omgjevnader? Heimetenestene i Hatlestrand/Ølve har no ledig 80 % stilling som helsefagarbeidar på natt.
Om stillinga
- Stilling: Helsefagarbeidar
- Stillingsstorleik: 80 % fast
- Arbeidstid: Natt (turnus med helg)
- Tilsetjing frå: 01.07.2026 til 30.06.2027
Som helsefagarbeidar hos oss vil du arbeida med brukarar i heimeteneste, bufellesskap og omsorgsbustader. Du vil vera ein viktig del av eit tverrfagleg team som legg stor vekt på kvalitet, fagleg utvikling og gode relasjonar – både til brukarar og kollegaer.
Arbeidsoppgåver
- Gje heilskapleg omsorg, pleie og støtte til heimebuande og bebuarar i bufellesskap/omsorgsbustader
- Sikra trygge og gode nattevakter
- Delta aktivt i fagutvikling og kvalitetsarbeid
- Bidra til nytenking og gode løysingar i tenestene
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Har autorisasjon som helsefagarbeidar
- Er fagleg engasjert og oppteken av god kvalitet i tenestene
- Har omsorgsevne, ansvarskjensle og evne til å arbeida sjølvstendig
- Samstundes er du ein god lagspelar som bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Har gjerne godt humør og liker å skapa tryggleik også om natta
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og samfunnsviktig jobb
- Varierte arbeidsoppgåver i heimeteneste og bufellesskap
- Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med fokus på fag, samarbeid og trivsel
- Gode høve for fagleg utvikling
Studielån – viktig informasjon
Det er innført ny ordning for sletting av studielån:
Bur du i Kvinnherad og er i arbeid, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet årleg, heilt til lånet er nedbetalt. Oppteninga har starta.
Vil du vera med å skapa trygge og gode netter for brukarane våre?
Vi ser fram til å høyra frå deg!
Heimetenester Ølve
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Natt
Søknadsfrist:
10.05.2026
Tiltreding:
01.07.2026
Arbeidsstad:
Ølve
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Ølvesvegen 485 5637 ØLVE