Kvinnherad kommune Sektor oppvekst

Avdelingsleiar 100 % Halsnøy skule

Avdelingsleiar 100 %

Avdelingsleiar – Halsnøy skule

Vil du vere med og utvikle ein skule der både elevar og tilsette opplever meistring, trivsel og tilhøyrsle?

Halsnøy skule søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar. Stillinga er ein kombinasjon av leiing og undervisning. Omfanget av undervisning og fordeling av fag og trinn vert fastsett ut frå kompetansen til den som vert tilsett og behovet ved skulen. Du vil vere ein sentral del av skulen si leiargruppe saman med rektor.

Om skulen

Halsnøy skule er ein barneskule med om lag 160 elevar og 40 tilsette. Me har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø og arbeider tett saman for å skape gode læringsvilkår for elevane.

Det siste året har skulen hatt særleg fokus på inkluderande praksis, med vekt på elevsyn, barn si utvikling og vaksenrolla. Samstundes har arbeidet med livsmeistring og psykisk helse stått sentralt i undervisninga.

Gjennom dette arbeidet legg me til rette for at elevane utviklar både fagleg og sosial kompetanse, opplever tilhøyrsle og styrkar si psykiske helse.

Som avdelingsleiar:

· har du ansvar for å utvikle og sikre eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø gjennom systematisk og målretta arbeid, med særleg fokus på tidleg innsats og inkluderande praksis

· tek du ansvar for personaloppfølging og bidreg til eit godt arbeidsmiljø i samarbeid med rektor

· følgjer du opp undervisninga og elevane si læring og utvikling i samarbeid med dei tilsette

· leier du pedagogisk kvalitetsarbeid og deltek i profesjonelle læringsfellesskap

· tek du ansvar for dagleg drift, som ressurs- og timeplanlegging, i samarbeid med rektor

· deltek du aktivt i skulen si leiargruppe og tek medansvar for utvikling og retning

· tek du vare på eit godt samarbeid med føresette og samarbeidspartnarar

Hovudoppgåver for avdelingsleiar:

· styrkje skulemiljøet gjennom systematisk arbeid med førebygging, tidleg innsats og oppfølging

· utøve fagleg og pedagogisk leiing, mellom anna gjennom oppfølging av undervisning, læringsresultat og profesjonsfellesskap

· ha ansvar for personaloppfølging og bidra til eit godt arbeidsmiljø

· ha ansvar for drift og ressursstyring, som timeplanlegging, bemanning og organisering

· leie og bidra i pedagogisk utviklingsarbeid og skulen sine prioriterte satsingar

· sikre godt samarbeid med føresette og samarbeidspartnarar (PPT, helseteneste m.fl.)

Kvalifikasjonar

Krav:

· pedagogisk utdanning

· erfaring frå undervisning i grunnskulen

· god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

· god digital kompetanse relevant for undervisning og leiing

· kjennskap til opplæringslova og sentrale styringsdokument

Ønskjelege kvalifikasjonar:

· god læreplanforståing og engasjement for skuleutvikling

· erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid og profesjonelle læringsfellesskap

· leiarerfaring og/eller leiarutdanning

Dersom du ikkje har leiarutdanning, forpliktar du deg til å ta slik utdanning.

Personlege eigenskapar

Me ser etter ein leiar som:

· er tydeleg, inkluderande og relasjonssterk

· har eit positivt elev- og læringssyn

· arbeider strukturert og systematisk

· motiverer og involverer andre gjennom samarbeid og dialog

· er fleksibel og har god arbeidskapasitet

· er oppteken av kvalitet og utvikling

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Kvifor jobbe hos oss?

Hos oss får du:

· eit sterkt fagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer

· ei meiningsfull og variert leiarstilling med utviklingsmoglegheiter

· eit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid, profesjonalitet og humor

· moglegheit til å vere med og påverke skulen si vidare utvikling

Skulen ligg i Kvinnherad kommune – perfekt for deg som set pris på fjord og fjell, friluftsliv og gode naturopplevingar. Kommunen tilbyr mellom anna gratis SFO og dekning av flytteutgifter etter avtale.

Me tilbyr

· Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML

· Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK

· Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø

· Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar

· Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring

· Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen · Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.

Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.

 

Vi ønskjer mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Referansar kan bli innhenta.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

07.05.2026

Arbeidsstad:

Halsnøy skule

Kontaktpersonar:

Iselinn Røen Gilje

mob: +47 48952218

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: