Fast 30 % stilling som sjukepleiar
Sjukepleiar Halsnøy helsesenter
Kvinnherad kommune har vel 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter. Husnes er største tettstaden, har to barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjergard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.
30% sjukepleiar ved Halsnøy helsesenter
Halsnøy helsesenter har 30% ledig faststilling som sjukepleiar frå 01.05.2026. Halsnøy helsesenter er kommunalt legesenter som per i dag består av 4 fastlegeheimlar med til saman eit listetak på 3 200 pasientar, innbyggjartal i området er om lag tilsvarande.
Arbeidsoppgåver på helsesenteret
- Handtere førespurnader frå innbyggarar i Kvinnherad kommune, som treng medisinsk hjelp. Kunne rettleia og gi råd til pasientar. Vidare prioritera og setja i verk behandlingsnivå
- Ivareta dokumentasjonsplikt og kvalitetssikring av verksemda
- Laboratoriearbeid
- Behandle kroniske og akutte tilstandar på skadestove
- Hjelpa og assistera lege ved kirurgiske inngrep og undersøkingar
- Administrering av medikament etter ordinasjonen frå legen
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent sjukepleiar med autorisasjon
- Vi ønsker personar som har erfaring frå tilsvarande arbeid, men nødvendig opplæring vil bli gitt. Det vil vera ein stor fordel om søkjar har erfaring i bruk av InfoDoc som journalsystem
- Må kunna handtera akutt-situasjonar og inneha høg arbeidskapasitet. Ha interesse for å jobba med akutt sjuke pasientar
- Ønskjeleg med vidareutdanning innan sårbehandling
- IKT- kunnskapar
- Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevne. Meistra norsk munnleg og skriftleg
Ønskte personlege eigenskapar
Vi ønsker kreative og engasjerte tilsette med eit positivt og inkluderande menneskesyn.
Personleg eigenskapar for stillinga som: sjølvstende og tryggleik i rolla som sjukepleiar, men samtidig ha evne til å jobba i tverrfaglege team.
Søkjarar må vera førebudd på å stilla til intervju. Ta med originale dokument, attestar og identifikasjon ved intervju/frammøte.
Du må gi opp minimum to referansar (namn og kontaktinformasjon) i kompetanseregistreringa.
Søknadsfristen 30.04.2026
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande avtaleverk
- IA-avtale og bedriftshelsetenester
- Sterkt fagmiljø, internundervisning og rettleiing
- Offentleg pensjonsordning
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet
- Per i dag er det ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring
- Gratis SFO, kommunal reduksjon i foreldrebetaling i barnehage og søskenmoderasjon
- Trygt og godt oppvekstmiljø
- Natur i verdsklasse – fjord, fjell og friluftsliv rett utanfor døra
Tilsetjing
Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og avtaleverk. Lønn etter avtale i forhold til utdanning og praksis.
Politiattest må leverast i samsvar med helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Politiattest skal ikkje leggast ved søknad, men skaffast etter at tilbod blir gitt, jf. politiregisterforskrifta § 36-1 nummer 3.
Offentligheit
Opplysningar om søkar kan bli gjort offentlege sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jamfør Offentligheitsloven § 25.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Søknadsfrist:
30.04.2026
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal