Undervisningsstilling 100% fast, Valen skule
Omtale av stillinga
Ved Valen skule er det ledig undervisningsstilling, 100% fast, frå 1.8.2026.
Valen skule er ein barneskule med om lag 140 elevar. Skulen blei frå 2025 større då Skarveland og Valen skule slo seg saman. Det er og kommunale vedtak på at Valen skule skal bli fornya i nær framtid.
Me er ein PALS skule og er stolt av det. PALS står for Positiv Åtferd, Støttande Læringsmiljø, og Samhandling. Dette er ein metode som hjelper dei vaksne til korleis dei skal utføre sitt oppdrag i skule og SFO.
Me har god delingskultur og underviser gjerne med opne dørar. Elevaktivitet og inkludering er viktige verdiar hos oss.
Me har god delingskultur og underviser gjerne med opne dørar. Elevaktivitet og inkludering er viktige verdiar hos oss.
Det er om lag 29 kjekke og dyktige menneske som jobbar på Valen skule, og me har eit godt og sosialt arbeidsmiljø. Saman er me ansvarlege for å skape eit godt læringsmiljø for elevane og eit tilsvarande godt arbeidsmiljø for alle tilsette. Alle medarbeidarar utgjer ein skilnad for elevane våre.
Arbeidsoppgåver
- Undervisa i ulike fag
- Klasseleiing
- Kan vera aktuelt å arbeida som kontaktlærar
- Pedagogisk utviklingsarbeid
- Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar, til dømes foreldremøte og foreldresamtalar
- Bidra til å utvikla eit godt læringsmiljø
- Sikra at elevane får eit godt skuletilbod
Kvalifikasjonar
Godkjend og relevant pedagogisk utdanning for undervising i grunnskulen
Personlege eigenskaper
Tydeleg klasseleiar
- Positiv, fleksibel og initiativrik
- Kunne arbeida sjølvstendig og i tett samarbeid med andre
- Oppteken av skuleutvikling
- Ha evne til å skape gode relasjonar i klasserommet og jobba systematisk med eit trygt og godt skulemiljø
- Ha evne til å skapa eit inkluderande læringsmiljø gjennom tilpassing, tilrettelegging, variasjon og elevaktivitet
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Foto av Valen skule generøst lånt av Kvinnheringen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
07.06.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Valen
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Valevegen 42 5451 Valen