Lærar 100 % fast
Lærar 100 % fast
Omtale av stillinga
Ved Rosendal ungdomsskule er det ledig 100% fast undervisningsstilling frå 01.08.2026.
Vi har trong for faga matematikk, naturfag, norsk, engelsk og spansk. Det kan også bli behov i andre fag.
Arbeidsoppgåver
· Undervisa i ulike fag
· Klasseleiing
· Kan vera aktuelt å arbeida som kontaktlærar
· Pedagogisk utviklingsarbeid
· Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar, til dømes foreldremøte og foreldresamtalar.
· Bidra til å utvikla eit godt læringsmiljø
· Sikra at elevane får eit godt skuletilbod
Kvalifikasjonar
Godkjent og relevant pedagogisk utdanning for undervisning i grunnskulen.
Personlege eigenskapar
· Er ein tydeleg klasseleiar, arbeider systematisk, strukturert og sjølvstendig.
· Er lærevillig og utviklingsorientert.
· Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor born og unge.
· Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, born, foreldre/føresette med respekt og forståing.
· Er positiv, lojal og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
· Generell god helse.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
· Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
· Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK.
· Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
· Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
· Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknaden vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attestar tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournalar og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verta offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verta varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkja søknaden din.
Innsende vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6. 10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Søknadsfrist 19.06.2026
Kontaktperson
Rune Melheim, Einingsleiar (rektor), mobil: 41616152, rune.melheim@kvinnherad.kommune.no
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
19.06.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Rosendal ungdomskule
Kontaktpersonar:
Rune Melheim
mob: +47 41616152
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal