Kvinnherad kommune Kulturskulen

Pianopedagog inntil 80 %

Pianopedagog inntil 80 %

 

Kvinnherad kulturskule

 5460 HUSNES

Kvinnherad kulturskule har over 300 elevplassar, ca. 8 årsverk fordelt på 12 tilsette. Kvinnherad kulturskule har i dag tilbod om undervisning i dans, musikk, teater og visuelle kunstfag. I tillegg kjem sal av tenester til kor, korps og institusjonar. Kulturskulen er desentralisert med hovudbase i kulturskulesenter på Husnes. Dei lokala er ein del av Kvinnherad kultursenter og er samlokalisert med kulturhus, kino, ungdomssenter og bibliotek.

 

Kvinnherad kulturskule har ei ledig fast stilling  inntil 80%, fast som pianopedagog frå 01.08.2026

 

Omtale av stillinga

 Vi søkjer:

Ein medarbeidar som:

- har kompetanse, evne og engasjement til å jobba med piano-elevar i alle alder (både born og vaksne).

- trivast like godt i undervisning og utøving av både klassisk og rytmisk musikk;

- kan jobba sjølvstendig  men også i samarbeid med andre lærarar i kulturskulen;

- ynskjer å medverka til utvikling av kulturskulen;

- er positiv, kreativ, entusiastisk og idérik.

 

Arbeidsoppgåver:

Undervising i piano til elevar i ulike alder;

Akkompagnement til enkelte elevar og elevgrupper;

Deltaking i kulturskule sine prosjekt, førestillingar, samspel, personalmøter, mm.;

Andre arbeidsoppgåver ifølgje arbeidsplan.

 

Kvalifikasjonar:

Godkjent høgare utdanning frå høgskule eller universitet, med hovudinstrument piano/tangentinstrument, og relevant arbeidserfaring frå arbeid med barn og ungdom;

Gode ferdigheiter i norsk, både muntleg og skriftleg;

Pedagogisk utdanning (PPU) er ein fordel;

Førarkort klasse B;

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 

Anna:

Kompetanse i andre kulturskulefag bør nemnast i søknaden;
Alle søkere bør oppgi minst to referansar. Ein av referansene bør vera leiar i siste arbeidsforhold;

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju og praktisk prøve.

 

Vi tilbyr:

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML;

Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP;

Triveleg kollegaer og moderne, godt utstyrte undervisnings lokalar.

Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd;

Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar;

Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring;

Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen og kulturskulen;

Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet;

Kulturskulen kan vert behjelpeleg med å finn ein rimeleg bustad i kommunen.

 

Søknad vert å senda:

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).

Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Politiattest vert krevd etter Helsepersonellova, § 20. Attesten skal leggjast fram ved tilsetjing i barnehage, skule og i barnevernstjenesta. (jf. Barnehagelovens § 19/Opplæringslovens § 10-9 og Lov om barnevernstjenester § 6-10).

 

Søknadsfrist: 15.07.2026.            

Kontaktperson: Kirill Zimin, mobil: 45 66 58 92, e-post: kirill.zimin@kvinnherad.kommune.no

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

15.07.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Kvinnherad kulturskule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: