Fagarbeidar/assistent 40% vik, Omvikdalen skule
Omtale av stillinga
Ved Omvikdalen skule er det ledig vikariat som fagarbeidar/assistent skuleåret 2026/2027.
Stillingsprosent: 40%, lønsprosent 35,6% fordi stillinga føl skuleruta (auke i stillingsprosenten kan skje)
Arbeidet vil vera i SFO-tid på ettermiddag.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og støtte av barn/enkeltelevar/grupper
- Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar
- Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar/opplegg i samråd med pedagog
- Aktivitetar utanfor arbeidsplassen, til dømes ekskursjonar og turar
- SFO
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge
Personlege eigenskapar
- Du er ein god rollemodell og ein trygg og tydeleg vaksen
- Du er sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeida i team
- Du er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette
- Du er løysingsorientert, strukturert og fleksibel
- Du deltek aktivt ilag med borna, både inne og ute
- Du har høg relasjonskompetanse
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
02.08.2026
Tiltreding:
14.08.2026
Arbeidsstad:
Omvikdalen
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal