Rettleiar 70 % vikariat
Rettleiar 70 % vikariat
Arbeidsstad
Integreringsteamet ved Nav Kvinnherad søkjer etter ein rettleiar i 70 % vikariat fram til 28.02.2027, då ein tilsett går ut i foreldrepermisjon. Nav Kvinnherad består av 35 tilsette, medan integreringsteamet består av 8 medarbeidarar og jobbar med å gi nybusette flyktningar gode tenester og oppfølging.
Motiveres du av å jobbe med mennesker og endring? Trives du i ein hektisk kvardag med stor variasjon av oppgåver? Då kan dette vere jobben for deg.
Arbeidsoppgåver
- Busetje flyktningar og gi råd, rettleiing og praktisk bistand i etableringsfasen
- Følgje opp deltakarar og bidra til sjølvstende i kvardagen
- Tett samarbeid med kommunale tenester og andre aktørar
- Ha ansvar for eigen deltakarportefølje
- Ein må pårekne sporadisk arbeid på ettermiddag/kveld ved behov
Endringar i oppgåver må påreknast.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning (erfaring kan kompensere noko)
- Erfaring med flyktningar eller sårbare grupper
- Kompetanse i rettleiing og endringsarbeid
- Gode norsk- og engelskkunnskapar
- Digital kompetanse
- Førarkort klasse B
Ønskeleg:
- Erfaring frå offentleg forvaltning
- Kjennskap til integreringslova og introduksjonsprogram
- Erfaring med tolk
Personlege eigenskapar
- Strukturert og effektiv i ein travel kvardag
- Empatisk, inkluderande og serviceinnstilt
- Gode samarbeidsevner og fleksibel
Personleg eignaheit vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
29.06.2027
Arbeidsstad:
NAV Kvinnherad
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Sentrumsvegen 29 5460 Husnes