
Helgevikarar Heimetenester Husnes/Halsnøy
Helgevikarar Heimetenester Husnes/Halsnøy
Vi søkjer
Heimeteneste Husnes/Halsnøy har trong for fleire helgevikarar. Heimetenesta er ei eining med mykje erfaring og fagleg tyngde. Tenesta er flinke til å gjera kvarandre gode og vi er gode på intern opplæring. Vi har ledig helgestilling 13,1% både fast og vikariat. Helgestillingane er knytta til arbeid kvar 3. helg. Søkjarar med helsefagleg utdanning vil verte prioritert i dei faste stillingane. Det er ein føremon med helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt. Vi oppmodar menn til å søkja. I tillegg søkjer vi etter personar som er interessert i å vere ringevikar.
Kvalifikasjonar
Gjerne helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt.
- For arbeid i heimeteneste krevs det førarkort for bil.
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Sjølvstendig
- Empatisk
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Helg
Søknadsfrist:
10.08.2025
Kontaktpersonar:
Ellen Korsvold
tlf: +47 95768175
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal