Helsefagarbeidar 80% vikariat Halsnøytunet
Helsefagarbeidar 80% vikariat Halsnøytunet
Vi søkjer Helsefagarbeidar i 80% vikariat på Halsnøytunet.
Kandidatar med anna helsefagleg bakgrunn vert og oppmoda om å søkje.
Stillinga er primært i 2- delt turnus, med langvakter kvar 4. helg.
Arbeidsstad er på Gruppe 1, korttid/Langtid, men ein må vere fleksibel og kunne jobbe på andre avdelingar ved behov og etter avtale med leiar.
Oppstart av stillinga etter nærare avtale med leiar, vikariatet går ut ca mai 2027.
Arbeidsoppgåver:
- Utøva helsefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav.
- Heilskapleg omsorg og pleie.
- Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling.
- Dokumentasjon av tenesta vi yt.
- Legemiddelhandtering.
- Rettleie kollegaer, studentar og skuleelevar.
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev innan helse- og omsorgsfag.
- Er trygg og sjølvstendig i faget.
- Har evne til å sjå både detaljar og heilskap i pasientomsorga.
- Bidrar til eit positivt arbeidsmiljø – også når det er travelt.
- Trivst med variasjon og kan handtere uforutsigbare situasjonar.
- Er nysgjerrig på utvikling og ser moglegheiter i ny teknologi.
- God IT kunnskap.
- Ha god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet (buisunnhordland.no)
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
28.12.2025
Arbeidsstad:
Halsnøytunet
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal