Kvinnherad kommune

Faste stillingar ved bassenga ved Øyatun og Rosendal skular.

Badevakt og billettør ved offentleg bad

Omtale av stillingane

Ved bassenga ved Øyatun og Rosendal skular er det ledig faste stillingar som badevakt og billettør. Stillingane medfører arbeid ettermiddag, helg og eventuelt ferie.

Me søkjer tilsette ved dei ulike bassenga:

 

Rosendal: symjehallen er ope i ein periode på 6,5 månad frå midten av september og ut mars. Det er offentleg bading tre dagar i veka men det er behov for badevakt/billettør for å ha ope også laurdag og søndag. Dersom ein vil jobbe i skulen sin haustferie, juleferie og vinterferie kan symjebassenget ha ope nokre dagar i feriane også. Det er behov for to personar (badevakt og billettør), der stillingsprosent blir mellom 10-15 %, avhengig av omfang. Ta kontakt dersom de ønskjer meir detaljar. 

 

Øyatun: symjehallen er ope i ein periode på 6,5 månad frå midten av september og ut mars. Det er offentleg bading to dagar i veka i tillegg til laurdag og søndag. Her er det behov for éi badevakt til å jobbe annakvar helg, og éi badevakt til å jobbe annakvar helg i tillegg til kvar onsdag. Stillingsprosent for dei to personane blir 7 % og 12 %. Ta kontakt dersom de ønskjer meir detaljar. 

 

Me ser etter deg som ikkje har full stilling frå før i kommunen og ynskjer auke i stillinga di. Eller etter deg som kanskje er student og ynskjer ein deltidsjobb som du kan kombinera med studiene dine.

 

Vi ønsker følgjande kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha livredningskurs og badevakt grunnkurs.

Ved manglande kvalifikasjonar kan arbeidsgjevar vera behjelpeleg med kurs.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

 

 

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.  Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

 

Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.

 

 

Kontaktperson

Øyatun skule – Hege Mehammer Tofte, mobil: 901 24 018

Rosendal skule – Rune Melheim, mobil: 416 16 152

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift / turnus / arbeidstidsordning

Søknadsfrist:

03.08.2025

Tiltredelse:

15.09.2025

Arbeidssted:

Rosendal og Halsnøy

Kontaktpersoner:

Hege Mehammer Tofte

tlf: +47 90124018

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: