Kvinnherad kommune Kulturskulen

Undervisningsinspektør, 40% fast

Kvinnherad kulturskule har rundt 370 elevplassar og 9 årsverk fordelt på 12 tilsette. Kvinnherad kulturskule har i dag tilbod om undervisning i dans, musikk, teater og visuelle kunstfag. I tillegg kjem sal av tenester til kor, korps og institusjonar. Kulturskulen er desentralisert med hovudbase i nytt kulturskulesenter på Husnes. Kulturskule sine lokaler er ein del av Kvinnherad kultursenter og er samlokalisert med kulturhus, kino, ungdomssenter og bibliotek.

I 2026 feirar Kvinnherad kulturskule 50 års jubileum.

Kvinnherad kulturskule søkjer undervisningsinspektør, 40% stilling.

Stillinga kan kombinerast med undervisningsstilling i kulturskulen. Dersom dette er aktuelt må ein ha nødvendig perdagoigsk kompetanse i dei faga kulturskulen har behov for.  Alle pedagogiske kompetansar/ ferdigheiter i andre fag bør derfor nemnast i søknaden.

 

Hovudarbeidsoppgåver:

-Opptak av nye elevar

-Timeplanarbeid

-Konsertansvar

-Webansvar

-Pedagogisk utviklingsarbeid

-Medansvar for fagleg utvikling av kulturskulen i samarbeid med rektor

-Daglege drift

-Kontakt og koordinering

-Kontortid er på dagtid, men noko kveldsarbeid må påreknast (i samband med kulturskule sine arrangement).


Krav til søkjar:


-Relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet/ musikkonservatorium, el. liknande,  innan kunst/kultur eller skulefeltet. Tilleggsutdanning innan administrasjon er en fordel.

-Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk og engelsk

-Kunnskap om pedagogisk leiing, personalarbeid og god IKT - kunnskap

-Erfaring frå pedagogisk arbeid / kulturskule er ønskeleg

-Erfaring frå liknande stilling er ein fordel

-Referansar frå tidlegare arbeidsgjevarar


Personlege eigenskapar:

-Stor arbeidskapasitet og arbeidsglede

-Er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og løysingsorientert

-Evne til å motivere, samarbeide og til å skape entusiasme

-God evne å kommunisere med born og vaksne

-Positiv

-Godt humør

Tilsetjingsvilkår:

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Arbeidstakarar vert tilsett i Kvinnherad kommune etter gjeldande lovar, reglement og tariffavtale.

Ved tilsetjing må det leverast politiattest ikkje eldre enn 3 måneder.

Vi tilbyr:
Ein spennande og stabil stilling i ein velfungerande kommunal kulturskule.

Eit hyggeleg kollegium med sterk fagkompetanse.

Gode arbeidstilhøve og fine kulturskulelokalar.

Eige moderne kontor i  kulturskulesenteret på Husnes.

Fleksibel ordning med moglegheit for avspasering av heile skuleferie/er ila. skuleåret, etter eigen avtale (i utgangspunktet har skuleadministrasjonen vanleg 5 vekers ferie i ein 100% stilling).

Høg grad av autonomi og stor moglegheit for å påverka eigen arbeidskvardag.

Moglegheit for kompetanseheving i form av kurs, fagsamlingar, studietur, mm.

Løn etter gjeldande avtaleverk.

God pensjonsordning, samt ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.

Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage og kulturskulen.

Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

Søknad vert å senda:

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk. Originale vitnemål og attestar tar ein med på evt. intervju. Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din. 

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

24.03.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Husnes

Kontaktpersonar:

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: