Kvinnherad kommune Rosendalstunet

Demens/korttidsavdeling

Helsefagarbeidar 100% fast stilling x 2, Rosendalstunet

Helsefagarbeidar 100 % fast stilling (2 stillingar) 

Arbeidsstad: Rosendalstunet – midt i vakre Rosendal


Vi søkjer helsefagarbeidar/miljøarbeidar i 100 % fast stilling: éi stilling på demensavdeling og éi på korttidsavdeling.

Er du ein helsefagarbeidar med eit ekte engasjement for eldreomsorg – og lyst til å bli del av ein solid gjeng med dyktige fagfolk? Vi ser etter deg som vil bidra til profesjonell og verdig omsorg, og som har særleg interesse for geriatrisk arbeid.

Rosendalstunet ligg i Rosendal i vakre Kvinnherad ved Hardangerfjorden. Vi er ein institusjon for eldre og menneske som treng pleie, omsorg og rehabilitering. Her har vi 6 avdelingar og 60 plassar innan langtidsopphald, demens og korttid/rehabilitering. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø tett tverrfagleg samarbeid og god tilgang på treningsfasilitetar.

Turnus

Stillinga er i turnus med arbeid kvar tredje helg, eller turnus med langvakter. 

Velferdsteknologi er ein naturleg del av kvardagen vår – no med prosjektet kamerabasert tilsyn.

Arbeidsoppgåver

  • Utøva helsefaglege oppgåver i samsvar med lovverk, rutinar og kvalitetskrav

  • Gje heilskapleg pleie og omsorg

  • Samarbeida med pasientar, pårørande, avdelingsleiar og kollegaer

  • Dokumentera tenestene vi yter

  • Legemiddelhandtering

  • Rettleia kollegaer, studentar og elevar

Kvalifikasjonar

  • Bestått fagbrev som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar

  • God norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel og løysingsorientert

  • God kommunikasjon- og samarbeidsevner

  • Evne til å jobba sjølvstendig, men også som ein del av eit team

Ved tilsetjing legg vi vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing etter gjeldande kommunale vilkår (HTA og AML)

  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring i KLP

  • Gode arbeidsvilkår i eit triveleg og støttande arbeidsmiljø

  • Dekning av flytteutgifter etter avtale

  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb? Etter eitt år kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet

  • Ingen eigedomsskatt for hus, hytter eller næring

  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage

  • Ein region med mykje å by på – sjå Sunnhordlandslivet


Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern §6.10, opplæringslova §10.9, lov om barnehagar §19, Helsepersonellova §20 helse- og omsorgstenestelova §5-4 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

02.01.2026

Arbeidsstad:

Rosendalstunet

Adresse:

Nesvegen 51 5470 Rosendal

Kart: