Kvinnherad kommune Helse

Sjukepleiar på tilkalling til legesentera i Kvinnherad kommune

Sjukepleiar Legesenter - Tilkalling

Kvinnherad kommune søkjer sjukepleiarar som ønskjer å arbeide som tilkallingsvikar ved våre legesentera og legevakt. Som tilkallingsvikar vil du bidra til å sikre god pasientbehandling og kontinuitet i tenestene når behovet oppstår. Tiltredelse snarast eller seinare etter avtale. Det er ønskeleg at tilkallingsvikaren òg kan vera ferievikar.

Arbeidsoppgåver:

  • handtera førespurnader frå innbyggarar i Kvinnherad kommune, som treng medisinsk hjelp
  • rettleia og gi råd til pasientar
  • prioritera og setja i verk behandlingsnivå
  • vareta dokumentasjonsplikt og kvalitetssikring av verksemda
  • laboratoriearbeid
  • behandla kroniske og akutte tilstandar på skadestove
  • hjelpa og assistera lege ved kirurgiske inngrep og undersøkingar
  • administrering av medikament etter ordinasjonen frå legen

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå legevakt eller allmennpraksis er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Gode data evner
  • Beherske norsk godt skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Taklar ein hektisk arbeidskvardag
  • Evne til å jobba sjølvstendig og strukturert
  • Fleksibilitet og evne til å tilpasse seg varierte arbeidsoppgåver

Vi tilbyr:

  • Lønn i samsvar med gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Utviklande og spennande stilling der få dagar er like
  • Eit godt fagmiljø
  • IA-avtale og bedriftshelsetenester

 

Tilsetjing

Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og avtaleverk. Lønn etter avtale i forhold til utdanning og praksis.

Politiattest må leverast i samsvar med helse- og omsorgstenestelova § 5-4.  Politiattest skal ikkje leggast ved søknad, men skaffast etter at tilbod blir gitt, jf. politiregisterforskrifta § 36-1 nummer 3.

 

Offentligheit

Opplysningar om søkar kan bli gjort offentlege sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jamfør Offentligheitsloven § 25.

 

Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:

Einingsleiar Helse Irina Zimina tlf. 488 94 055, irina.zimina@kvinnherad.kommune.no

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

31.12.2025

Kontaktpersonar:

Irina Zimina

mob: +47 488 94 055

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: