Undarheim barnehage treng ringevikarar
Omtale av stillinga
Undarheim barnehage har behov for ringevikarar som kan arbeida ved både kortare og lengre fråvær blant tilsette. Vi søkjer deg som er engasjert, fleksibel og som kan bidra til eit trygt og godt barnehagemiljø.
Arbeidsoppgåver
- Vikariera for barnehagetilsette ved fråvær
- Samarbeid med andre tilsette
- Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar/opplegg i samråd med pedagog
- Aktivitetar utanfor arbeidsplassen, til dømes ekskursjonar og turar
- Personleg stell og tunge løft kan inngå i stillinga
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge
Personlege eigenskapar
- Du er ein god rollemodell og ein trygg og tydeleg vaksen
- Du er sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeida i team
- Du er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette
- Du er løysingsorientert, strukturert og fleksibel
- Du deltek aktivt ilag med borna, både inne og ute
- Du har høg relasjonskompetanse
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
16.12.2025
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Husnes
Kontaktpersonar:
Åsta Johnsen
mob: +47 93044114
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Stølshaugvegen 2 5460 Husnes