Vil du bli ein del av nattlaget vårt i Sør?
Vernepleiar, Sjukepleiar eller fagarbeidar - gjerne fleire!
Vil du bli ein del av nattlaget vårt i Sør?
Vi søkjer vernepleiar, sjukepleiar eller fagarbeidar – gjerne fleire!
Fleire av våre dyktige medarbeidarar skal ut i foreldrepermisjon, og difor treng vi nye kollegaer som vil vere med og skape tryggleik, omsorg og fagleg kvalitet når store delar av kommunen søv.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag (eller -natt!) der du speler ei nøkkelrolle i kvardagen til både bebuarar og heimebuande brukarar.
???? Kven er vi?
Nattevaktene Sør består av eit samansveisa team av:
- høgskulekompetanse
- fagarbeidarar med og utan vidareutdanning
- elevar
- ufaglærte med lang erfaring
Vi dekkjer tenester både til heimebuande brukarar ute i feltet, i bukollektiv og til pasientar på våre to sjukeheimar.
Vi jobbar tett saman, støttar kvarandre og er eit lag som verkeleg bryr seg – både om brukarane og kvarandre.
Miljøet vårt er kjent for humor, tryggleik og evna til å stå støtt i krevjande situasjonar.
???? Kva får du hos oss?
• Ein arbeidsplass med kompetente og varme kollegaer
• Ein variert og spennande nattjobb med både sjukeheim og heimebaserte tenester
• Gode moglegheiter for fagleg utvikling
• Ein kultur der vi løftar kvarandre og brukar ressursane våre klokt
• Ein jobb der du faktisk betyr noko – kvar einaste vakt
???? Kven ser vi etter?
Vi ønskjer oss deg som er:
• vernepleiar, sjukepleiar eller helsefagarbeidar
• trygg i møte med menneske
• god på samarbeid og kommunikasjon
• roleg, handlekraftig og strukturert – også når ting skjer fort
• motivert for å skape tryggleik og gode opplevingar for brukarar på natt
???? Vil du vere ein del av eit sterkt nattlag og gjere ein forskjell?
Ring oss gjerne for ein uforpliktande prat, eller send inn søknad til:
???? line.haugland@kvinnherad.kommune.no
???? 47462946
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Natt
Søknadsfrist:
28.12.2025
Arbeidsstad:
Husnestunet Natt
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal